– Uansvarleg av Frp

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I dag slapp Frp ei utdanningspolitisk bombe i Klassekampen, då dei kom med krav til kunnskapsministeren om at alle elevar må ha karakter 2 i basisfaga matte, engelsk og norsk for å kome inn på vidaregåande skule.

LES OGSÅ: – Fråfall frå vidaregåande aukar risiko for trygd

7000 potensielle navarar
Det vil i praksis seie at ein avskaffar retten til vidaregåande opplæring, noko Elevorganisasjonen er svært skeptiske til.

– Me meiner dette er eit uaktuelt forslag. Det går ikkje an å seie til 7000 elevar at de er ikkje gode nok for den vidaregåande skulen, utan å gje god nok oppfølging. Det er uansvarleg av Frp, seier Benjamin Skiaker Myrstad, leiar i Elevorganisasjonen på telefon til Framtida.

Ifølgje VG var det i fjor 6.779 elevar som gjekk ut frå grunnskulen med karakter 1, eller utan vurdering i eitt eller fleire fag.

Leiar i Elevorganisasjonen spår at med slike krav vil mange fleire vil stå utanfor arbeidslivet fordi dei manglar vidaregåande opplæring.  

– Slik det er i dag ender me opp med potensielt 7000 ekstra navarar årleg. Me tener ikkje på å sette fleire utanfor, når me allereie slit med fråfall i vidaregåande skule, seier Myrstad, som har ein travel dag etter at Frp kom med sine ti krav til kunnskapsministeren. (Sjå liste over krava i faktaboks.)

LES OGSÅ: Nav-direktør vil ha obligatorisk vidaregåande skule

Misforstått late
Utdanningspolitisk talskvinne i Frp, Bente Thorsen, uttalar til Klassekampen at «i dag gjer me ungdommen ei bjørneteneste når me ikkje stiller krav til dei», og er redd ungdommane ender opp med å ikkje få noko ut av vidaregåande.

Leiaren i Elevorganisasjonen meiner at det mest kontroversielle forslaget kjem «frå ei vrangførestilling Frp har om at ein ikkje kan lære noko på vidaregåande, om ein ikkje gjorde det godt på ungdomsskulen,» og peiker på eksempel der elevar har gjort det betre etter å ha kome i ein ny klasse, med ny lærar, ny helsesøster og nye rådgjevarar.

– Statsminister Erna Solberg har sjølv sagt at ho var meir oppteken av gutar enn matte på ungdomsskulen, men ho fekk ei god opplæring på vidaregåande, og klarte seg difor til tross for eit dårlig grunnlag og har attpåtil vorte statsminister. Eg trur ikkje ho hadde vorte det, dersom me hadde sett slike krav, seier Myrstad, og legg til:

– Det verkar som dei tenkjer at elevar som stryk på ungdomsskulen er late, men det er ikkje tilfellet. Om ein til dømes ser på andelen psykiske lidingar i skulen, skjønar ein at det ikkje er latskap.

LES OGSÅ: – Matte bestemmer fråfall i skulen

Ekstra skuleår?
Høgres Henrik Aasheim, som sit i Utdanningskomiteen på Stortinget, uttalar til Klassekampen at han ikkje trur at å fjerne retten til vidaregåande opplæring har nokon læringseffekt, og nemner sommarskular som eit alternativ.

Skulepolitisk talsperson i Venstre, Iselin Nybø, føreslo tidlegare i år å setje i gang eit prøveprosjekt med eit ekstra frivillig år mellom ungdomsskulen og vidaregåande for dei svakaste elevane. Prosjektet skal baserast på den danske Xclass-ordninga, som rast har vorte populært i Danmark.

Heller ikkje denne løysinga imponerer Elevorganisasjonen. Myrstad trur ikkje at å ta ein 16-åring ut av eit miljø med jamaldrande for eit år med tilpassa opplæring vil vere ein god idé. Han peikar på at denne tilpassa opplæringa til ein enkelt elev kan kome til å krevje enorme ressursar og at det ikkje er ideelt for ein elev å starte i ein klasse med elevar som er eitt år yngre.

– Då må ein heller sjå på kvifor elevar stryk, meiner Myrstad, som heller etterlyser tidleg innsats.

LES OGSÅ: Fleire fullfører vidaregåande skule

Positive til fleire forslag
Men ikkje alle forslaga frå Frp fell i dårleg jord hjå elevane sin talsorganisasjon. Anonym retting av prøvar, styrking av dei maritime faga, eksamen før russetida, meir praktiske yrkesfag og fortgang for karakterkrav i basisfaga for lærarstudentar er krav som Elevorganisasjonen stiller seg bak.

Å betre språkopplæring for born som slit med norsk språk allereie før skulestart, er ei sak Frp har vore oppteken av ei stund.

– Det verkar som eit godt forslag, som kan gjere dei betre rusta til skulen og frigjere ressursar som elles hadde gått til spesialundervisning. Det handlar om tidleg innsats, meiner Myrstad.

IKT-evaluering av skulane er Myrstad òg positiv til, men då er det viktig at det vert gjort ordentleg.

– Ein må sjå på korleis IKT vert nytta i skulen. Om det er ei ekstra skriveblokk, eller om læraren nyttar program pedagogisk. Ein må òg sjå på kvaliteten på utstyret, seier leiaren i Elevorganisasjonen, som meiner at kvaliteten på utstyrsparkane i norske skular er for dårleg.

LES OGSÅ: Trur kommunen kan hindre fråfall

Faktaboks

Frp sine ti krav til utdanningsministeren:

• Anonym retting av prøvar

• Krav til karakteren 2 i alle basisfag for å kome inn i vidaregåande opplæring

• Leggja fram konkrete tiltak for å styrka den maritime utdanninga

• Meir praktisk undervisning på yrkesfag, og meir relevant teori

• Eksamen før russetida

• Språkopplæring til born med dårlege språkeigenskapar før skulestart

• Fritt skuleval nasjonalt

• Det skal vere ro og orden i klasserommet. Gi makta attende til læraren

• Fortganig i kravet om karakter 4 i matte, engelsk og norsk for å kome inn på lærarutdanninga

• Evaluering av bruken av IKT i skulen

Kjelde: Klassekampen