Ein fersk rapport frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at talet på passasjerar som tek buss, båt eller bane har auka med 6,7 prosent sidan same tid i fjor. Mest nytta er bussen, men båten aukar mest i prosent.
Med det aukar og billettinntektene. 2,8 millionar kroner vart brukt på kollektivtransport i første kvartal i år.
LES OGSÅ: Her er verdas snillaste land
Gode tal for miljøet
Dei siste fem åra er den totale auken for kollektivtransporten på 18,5 prosent. Det gledar Bellona og leiar Frederic Hauge.
– Dette viser at auka satsing virkar og bør difor motivera politikarane til å satsa endå meir på kollektivtransporten, seier Hauge.
Men betyr denne auken at folket er meir miljøbevisste? Hauge er ikkje så sikker på det.
– Me skulle sjølvsagt ønska at dette betydde at folk tek aktive miljøval, men truleg handlar det mest om auka tilbod og tilrettelegging.
LES OGSÅ: Den nederlandske sykkelsuksessen
Må halda følge
For Bellona er målet nullutslepp, og for å nå det er kollektivtransport noko å satsa på – spesielt i storbyar som Oslo.
– Med den raske folkeauka i Oslo og andre byar er det viktig at ein satsar stort i mange år framover for å klara å halda følgje med samfunnsutviklinga, forklarar Hauge.
LES OGSÅ: Bergen-Oslo på 3,5 timar med ny veg