Grunnlov som symbolpolitikk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Artikkel 6 nummer 1 (EMK 6.1) i Den europeiske menneskerettsfråsegna skal garantera at brotsmenn får ein rask rettsprosess og avklåring. Noreg har som kjent for lengst skrive under menneskerettsfråsegna, men nett artikkel 6 nr. 1 har Noreg store vanskar med å respektera.

Kva seier so denne regelen? «In the determination of his civil rights and obligations or of any criminal charge against him, everyone is entitled to a fair and public hearing within a reasonable time by an independent and impartial tribunal established by law» (Alle har rett til å få saka si avgjord av ein uavhengig og upartisk domstol innan rimeleg tid. Rettargangen skal vera rettvis og offentleg).

Noreg har ikkje vore særleg flinke til å taka omsyn til denne menneskeretten. Saks-førehavingstida i rettsstellet berre aukar og aukar av di påtalemakta er overarbeidd og har for få tilsette.

Svaret frå Stortinget i vår var å taka 6.1 inn i Grunnlova. Endrar det noko på saka? Nei. Resultatet vert truleg at vi i framtida ofte kjem til å bryta både Grunnlova og menneskerettsfråsegna, for Stortinget har ingen plan for å redusera ventetida.

I paragraf 95 av Grunnlova står det no at «alle har rett til å få saka si avgjord av ein uavhengig og upartisk domstol innan rimeleg tid», altso sams med ordlyden i EMK 6.1.

Nett kva «rimeleg» tyder i denne samanhengen, er det sjølvsagt i hovudsak opp til vårt eige rettsstell å avgjera. I og for seg finst det ikkje noko i vegen for at retten kan meina det ikkje er eit brot på lova å nytta fem år på å etterforska ei sak – slik var det til dømes i ei høgsterettssak i fjor der retten meinte politiet ikkje kunne verta lasta for ikkje å etterforska ei sak medan tiltala oppheldt seg i Albania – men sanninga er at EMK 6.1 ofte er tema i norsk rett, og ikkje sjeldan gjer det at illgjerningsmannen får lægre straff.

«Enige og tro til Dovre faller», heiter det i eidsvollseiden frå 1814. Alle er samde om at retten må skunda seg, men ingen veit korleis dei skal gjera det. Påtalemakta har i alle fall ikkje kapasitet til å arbeida snøggare.

Den ålmenne rettskjensla
EMK 6.1 og sokalla liggjetid, det er langsam saksførehavingstid hjå påtalemakta, har alt vore nemnd i 61 avgjerder i lagmannsretten i år; det er ikkje noko sjeldsyn. Kva andre paragrafar i Grunnlova kunne ha vorte brotne om att og om att utan konsekvens? «Ingen kan dømmast til døden»? «Ingen skal haldast i slaveri eller tvangsarbeid»?

Sanninga er at EMK 6.1 – no paragraf 95 i Grunnlova – vert broten heile tida. I ei ankesak til Høgsterett i fjor kom dei fram til at Lagmannsretten hadde dømt illgjerningsmannen til rett lengd straff i ei valdtektssak. Vedkomande fekk halvert straffa av di etterforskarane hadde nytta eitt og eit halvt år på å etterforska saka.

I Gulating lagmannsrett fekk ein mann redusert straffa frå fire år og seks månader til tre år og tre månader «av omsyn til straffe-lova §64 samt krenking av EMK artikkel 6 nr 1 (lang sakshandsamingstid)». Kva var han skuldig i? Jau, han «vart dømd for å ha hatt samleie i ein periode på over tre månader med barn på 13 1/2 år».

I juni var ei liknande sak oppe i Høgsterett, men denne gong-en dreia det seg om to jenter på under ti år. Ein mann på 46 år hadde gjeve jentene godteri og klede og teke dei med på ei rad aktivitetar for å byggja tillit, dinest hadde han forgripe seg på dei i ein periode på halvtanna år. Kva med straffa? Jau, Høgsterett meinte at ei normal straff for eit slik brotsverk burde ha vore fem år i fengsel, men straffa han til slutt vart dømd til å sona, var fire år. Kvifor? Av di politiet hadde nytta to og eit halvt år på å få saka opp i retten. Eit heilt år redusert straff.

No er det ikkje alltid slik at den ålmenne rettskjensla er ei lytefri rettesnor – forsking frå Danmark syner til dømes at mest 80 prosent av folk utanfor rettsapparatet undervurderer kor strenge domstolane i røynda er, og i undersøkjinga frå Danmark dømde folk flest mildare i konkrete saker enn det domstolane gjorde – men nett her har den ålmenne rettskjensla truleg noko føre seg. Kvifor skal offer i alvorlege saker måtta leva med at illgjerningsmannen får mykje lægre straff av di politiet ikkje har nok ressursar til å få saka deira inn for retten?

Legg bort sakene
«Når politimester Bjørn Vandvik på Romerike har gitt sine an–satte direktiv om å se den andre veien i saker om innbrudd, underslag, tyveri, grovt tyveri, biltyveri, bedrageri, grovt bedrageri, skadeverk, heleri, naskeri, bruk og besittelse av mindre mengder narkotika, kjøp av mindre mengder narkotika, slagsmål og andre forstyrrelser av ro og orden, bæring av kniv på offentlig sted og offentlig urinering, kan det ikke ses på som noe annet enn en kapitulasjon», skreiv advokat John Christian Elden i Dagbladet denne veka.

Saka han viste til, var at politi-meisteren på Romerike, Bjørn Vandvik, sende ut eit internt dokument 26. juni der han instruerte politiet om ikkje å etterforska innbrot, underslag, tjuveri, skadeverk, narkotikabruk og slagsmål, mellom anna. Saker som sorterte under femten ulike paragrafar, skulle leggjast bort, heitte det i dokumentet, av di det ikkje fanst ressursar til å etterforska desse mindre alvorlege hendingane.

Romerike politidistrikt hadde nemleg tre tusen gamle saker liggjande på pulten. Mellom dei ligg det fleire alvorlege saker som er eldre enn tre månader, som familievaldssaker og valdtektssaker og så bortetter, som politimeisteren meinte det var viktigare å prioritera.

Men no har statsadvokaten gripe inn og gjennom ein instruks oppheva direktivet. I eit brev til politidistriktet skreiv dei at dei hadde forståing for at dei vantar etterforskingskapasitet, men at dei ikkje kan løysa det gjennom massebortleggjingar. I eit intervju med NRK seier statsadvokat Erik Førde at dei saman skal sjå på kva som er årsaka til at gamle saker vert liggjande i kø.

Instruksar og fleire instruksar
Kvart einaste år kjem riksadvokaten med ein instruks om kva statsadvokaten og påtalemakta skal prioritera. I instruksen for 2014, «Mål og prioriteringar for straffesakshandsaminga i 2014 – politiet og statsadvokatane», finst det ei liste over sju typar brotsverk som skal verta prioriterte:

* Drap og andre alvorlege brotsverk

* Alvorlege seksuallovbrot

* Alvorlege narkotikabrotsverk

* Alvorlege trafikklovbrot

* Økonomisk kriminalitet av alvorleg karakter

* Alvorleg internasjonal og organisert kriminalitet

* Straffbare handlingar som synest å vera rasistisk motiverte

Nest øvst på lista står det svart på kvitt at alvorlege seksuallovbrot skal vera ei prioritering for påtalemakta. Lista såg heilt lik ut i 2013. Også då var kort saksførehavingstid eit overordna mål, noko det òg var i 2012, og i 2010 for den saks skuld. Alvorlege seksuallovbrot har heile tida vore mellom dei viktigaste prioriteringane til påtalemakta etter instruksen frå Riksadvokaten.

Likevel endar saker som høgsterettssaka frå i sumar opp med å gjeva illgjerningsmannen 20 prosent kortare straff av di etterforskinga og rettsprosessen tok for mykje tid.

«Politikerne må sørge for å oppheve uviktige straffelover, og ikke overby hverandre i å forsøke å gjøre ytterligere forhold straffbare – og dermed spise av politiets ressurser», skreiv Elden denne veka.

I alle høve kan det vera greitt å vitja Dovre medan det framleis står der.

Saka var først publisert i Dag og Tid.