Noah vil ha dyrs eigenverdi inn i Grunnlova
Dyrevernorganisasjonen Noah meiner det er på høg tid at Grunnlova også inkluderer dyrs eigenverdi. Ti land har allereie nemnt dyr i grunnlova si.
Nyleg fremja Miljøpartiet Dei Grøne eit forslag om å sikre dyrs eigenverdi i ein ny grunnlovsparagraf. Noah har bidrege til forslaget, og meiner Noreg vil bli hengande etter om vi ikkje anerkjenner dyr i Grunnlova, skriv dyrevernorganisasjonen i ei pressemelding.
Grunnlovsendringar krev to tredels fleirtal i Stortinget, og Noah håpar no at det er tverrpolitisk støtte for å heve dyrs status.
«I 2010 fekk NOAH gjennomslag for at den nye dyrevelferdslova erkjenner at «dyr har en egenverdi uavhengig av den nytteverdien de måtte ha for menneske». NOAH har jobba i mange år for at dette prinsippet om dyrs eigenverdi og omsyn til rettane deira, også skal takast inn i Grunnlova,» står det i pressemeldinga.
Ti land har allereie nemnt omsyn til dyr i grunnlova si.