Fjellvett gjeld året rundt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nye fjellvettreglar

– Det er svært viktig for oss i Røde Kors å få fram at Fjellvettreglane er like viktige sommar som vinter. Det er like mange som sett seg fast i fjellet denne årstida, det er berre litt andre forhold. For vår del er det svært avgjerande at folk brukar sunn fornuft også om sommaren, seier Mats Ulstein Eikrem, nasjonal instruktør i søk og redning på vatn i Røde Kors.

– Det bør vere ei sjølvfølge at Fjellvettreglane gjeld i sommarhalvåret også. Det som skaper mest forvirring og gjer at enkelte trur reglane berre gjeld om vinteren er nok den siste regelen, «Spar krefter og grav deg ned i snøen om nødvendig». Eigentleg handlar denne regelen om å skjerme seg mot omgivnadene om det blir stygt vêr generelt. Så det er ingen grunn til å tru at dette er ein regel som gjeld berre om vinteren, fortel Alexander Skar fungerande korpsleiar i Sørøyane Røde Kors Hjelpekorps.

Både vanar og teknologi har endra seg sidan Fjellvettreglane vart lansert fyrste gong for over 40 år sidan. Klistrelapp på kjøleskapet er bytta ut med Facebook – melding, sms og twitter. Røde Kors Ungdom har tatt jobben med å oppdatere dei originale fjellvettsreglane.

– Sjølve reglane er ikkje endra, dei er framleis gode som gull. Det som har endra seg er teksta som fylgjer med reglane, den er skriven på eit meir ungdommeleg språk. Eg trur at fornyinga av reglane kan bidra til at ungdom lettare tek dei til seg, legg Eikrem til.

Oppdaterte fjellvettreglar:

1. Legg ikkje ut på langtur utan trening. Det betyr at støttemedlemskapet i SATS ikkje er tilstrekkeleg sjølv om du har meldt deg på Birken saman med kollegaene. Om du berre har tid til ein tur i året i den hektiske kvardagen, ikkje kompenser med å gjere den ekstra lang. Ta to korte i staden.

2. Meld frå kvar du går. Her er det mange moglegheiter. Den klassiske lappen på kjøleskapet kan bytast ut med SMS, e-post, Facebook-melding, Twitter-oppdatering «@trinelise #skitur til lilloseter med @truls83 vi kjem til å vere heime til #middag klokka 5.»

3. Vis respekt mot vêret og vêrmeldingane. Legg ikkje ut på langtur sjølv om den eine «app’en» på mobilen sei at vêret blir bra. Sjekk litt fleire stader. Sjølv om yr.no melder bra vêr er det viktig å førebu seg på det verste.

4. Vær rusta mot uvêr og kulde sjølv på korte turar. Ha alltid med ryggsekk og det utstyret fjellet krev. En klassikar. Gjer som før! Ta med spade, kompass, varme klede, mat og drikke. Kanskje også ekstra jakke.

5. Lytt til erfarne fjellfolk. Det er kanskje ikkje så mange av oss som kjenner så mange erfarne fjellfolk lenger, men spør dei dykk møter på fjellet om tips og råd. Det kan vere freistande å lytte til råd frå TV-kjendisar som Lars Monsen og Bear Grylls, men dei er inga erstatning for ein person som kjenner akkurat det fjellet du skal gå på.

6. Bruk kart og kompass. GPS på mobilen held rett og slett ikkje. Mobilen går tom for strøm når du har på «Runkeeper» for å vise kor fort du går på ski, eller oppdatera Facebook-statusen med bålbilde. Kulde bidreg også til å tappe batteriet fort. Det er dessutan ikkje sikkert det er dekning i fjellet. Lær å bruke kart og kompass! Det hjelper lite om du ikkje kan bruke det.

7. Gå ikkje aleine. Ikkje gjer det! Sjølv om du kanskje ikkje føler deg aleine med mange følgjarar på Twitter og mange venner på Facebook. Men dei er faktisk ikkje der om det blæs opp til storm. Det er uansett greitt å ha med seg en ven slik at nokon kan ta det nye profilbildet ditt til Facebook. Skigåinga må dokumenterast. Friskusimaget kjem ikkje av seg sjølv.

8. Vend i tide – det er inga skam å snu. Sjølv om venninna di trenar til Ingalåmi må du sjølv sei ifrå om du ikkje orkar meir eller snu om du trur dykk er i ferd med å gå inn i dårlig vêr, eller om dykk går dykk vekk. Du er ikkje mindre tøff sjølv om du er dårlegare på ski enn venninna di.

9. Spar på kreftene og grav deg ned i tide. No begynner det å bli seriøst i fjellet. Grav deg ned og forsøk å få kontakt med omverda. Kvil deg og ikkje prøv å flytt deg om vêret er for dårlig.

– Alt i alt er det bruk av sunn fornuft som gjeld. Bruk fjellvettsreglane året rundt, legg dei to karane frå Raude Kors til.

Meir å lese: Førsteinntaket er klart

Meir å lese: Kraftige regnbyger

Meir å lese: Opplev Hareid

Saka var først publisert i Vikebladet.