Miljøpartiet Dei Grøne vil avlyse veksten i oppdrettsnæringa.

NPK
NPK

– Kor ille må lakselus-situasjonen bli før fiskeriministeren vaknar, spør stortingsrepresentant Rasmus Hansson, ifølgje Bergens Tidende.

Han vil til hausten leggje fram ei sak i Stortinget med forslag til strakstiltak for å berge villfisken, etter at Havforskingsinstituttet i slutten av juni slo alarm om «ein svært alvorleg situasjon» for sjøauren langs heile norskekysten. Meir lakselus enn normalt har angripe fisken dette året.

LES OGSÅ: Kina skeptiske til filetert norsk laks

Strengare lusekrav
Tysdag fortalde også forskarar ved Uni Research Miljø om ein alvorleg situasjon for sjøauren i Sogn og Fjordane og Nordhordland.

Nyleg har Nærings- og fiskeridepartementet forslått at alle med oppdrettskonsesjonar kan auke produksjonen med fem prosent, gitt at dei innfører strengare lusekrav. Om alle seier ja, meiner departementet dette totalt sett vil føre til mindre lus, skriv BT.

– Sjølv med lite lus per fisk, blir det meir lus i sjøen, så lenge volumet aukar, seier Hansson. Han meiner mindre laks i merdane og lukka anlegg er løysinga så lenge dagens avlusingsmetodar ikkje verkar.

LES OGSÅ: Betring for vill-laksen ifjor

Vil lukka anlegg
– Vi kjem til å leggje fram eit forslag der vi krev absolutt nei til nye konsesjonar og vekst i merdane til miljøproblema er løyst. I tillegg vil vi be regjeringa om å etablere ei stimuleringsordning for oppdrettarar som vil gå over til lukka anlegg, seier han til BT. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 6. desember 2017 13.48

LES OGSÅ

ANNONSE