MDG flyttar oljesluttdatoen

Rettar til at det er snakk om ei flytting til 2040, ikkje ei stryking av datoen.

NPK-NTB
Publisert

MDG har endra punktet om at Noreg skal slutte med all olje og gass innan 2035 i utkastet til nytt partiprogram.

No skal det nemleg heite at «Stortinget skal innføre et mål om avvikling av norsk olje og gass innan 2040».

I programmet for inneverande stortingsperiode heiter det at MDG vil «gjennomføre ei gradvis, føreseieleg og planmessig utfasing av petroleumsverksemda innan 2035».

Klassekampen skriv fredag at punktet om sluttdatoen er fjerna, men MDG presiserer overfor NTB at det dreier seg om ei flytting til 2040.

Nestleiar Ingrid Liland, som har leidd programkomiteen, seier til avisa at dei står fast på at ein treng å ha ei politisk anerkjenning av at norsk olje og gass er eit produkt vi skal slutte å eksportere, fordi det skaper klimakrise.

– Men det viktigaste er at vi lagar ein plan for korleis dei som jobbar i og er knytt til oljeindustrien, kan byrje å omstille seg, seier nestleiaren.