Betring for vill-laksen i fjor

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rekordmykje vill-laks

Sjølv om innsiget av laks har vorte halvert frå 1983 til 2012, har dei to siste åra vore meir positive, ikkje minst 2012. Desse åra har det vore eit stort innslag av mellomstor og stor laks i elvane sør for Hustadvika i Møre og Romsdal.

Sørlandselvane har ikkje hatt så mykje laks sidan 1983, og på Vestlandet må ein tilbake til 1988 for å finne tilsvarande.

Nord for Hustadvika er likevel situasjonen uendra og kritisk. Frå Trøndelag og nordover held nedgangen fram med lågt innsig, særleg av smålaks.

LES OGSÅ: Difor krympar fisken

Mindre sjøfiske
VRL ser det reduserte sjølaksefisket dei siste åra som ei viktig forklaring på framgangen i sør. Dei strenge kvotereglane i elvane har også hatt ein del å seie. Kort sagt er overfangst ikkje lenger ein stor trussel mot laksebestandane, konkluderer VRL.

– Det store innsiget av mellomstor og stor laks til Sør- og Vest-Noreg er primært knytt til at overlevingsvilkåra i havet har vorte mykje betre. Dette har vi òg registrert i Sverige, Frankrike, England og Wales, Nord-Irland og Skottland, seier leiaren i VRL, Torbjørn Forseth, til Dagens Næringsliv.

– I tillegg kan særleg lakselusa ha hatt mindre negativ effekt på laksesmolten på Vestlandet i 2009 og 2010. Dette er årsklassane som kom tilbake som mellomstor og stor laks i 2011 og 2012. Men lusesituasjonen vart verre igjen i 2011 og 2012. Det gir grunn til uro, seier Forseth.

Lus og rømming
Stadig vekk er lakselus og rømd oppdrettslaks dei største truslane mot vill-laksen, meiner vitskapsrådet. Mens innsiget av vill-laks samla utgjorde 2.200 tonn i fjor, var produksjonen av oppdrettslaks på 1.148.000 tonn – 500 gonger meir. Ny forsking har også forsterka dokumentasjonen av at både lakselus og rømming påverkar bestandane negativt.

– Vitskapsrådets konklusjon er derfor at det er nødvendig å vidareføre og forsterke tiltaka for å redusere effektane av trusselfaktorane frå lakseoppdrettet, skriv rådet i rapporten sin. (©NPK)

LES OGSÅ: – Kan truga laksebestanden

Fakta: Innsig og fangst av vill-laks

  2005–2008 2009–2012 2012

Laks som når kysten

499

470

525

Fangst i sjøen

145

89

84

Laks som når elvane

354

354

441

Fangst i elvane

180

150

163

Attverande gytebestand i elvane

174

231

273

Elvar der forvaltingsmålet er nådd*

30 %

53 %

73 %

* Forvaltingsmålet må vere oppfylt i minst tre av dei fire siste åra. Det er sett forvaltingsmål for gytande laks i rundt 200 elvar.

Kjelde: Dagens Næringsliv / Vitskapsrådet for lakseforvalting