Satsar for fullt som glasblåsar

Framtida
Publisert
Oppdatert 23.10.2017 14:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fat, stettglas, ølglas, bollar og blomsterpotter, det er noko av det som møter Framtidas utsende heime hjå glasblåsar Silje Syse i Ulvik i Hardanger. Alt har ein gong vore små glasputer, før det har vorte smelta, blåse, påført fargane Silje sjølv likar og så kjølna i ein eigne kjøleomn for ikkje å sprekke.

– Sjølve blåsinga er ikkje tung, det handlar berre om teknikk. Men i starten kjendest det heilt umogeleg, det eg bles fyrste halvåret såg ut som det var laga av born, forklarar Silje.

LES OGSÅ: Bygda trekkjer til seg fleire kunstnarar

Litt forelska
Oppstarten med den litt umogelege blåsinga, hadde Silje som lærling i Bergen. Tanken om å verte glasblåsar fekk ho allereie på formgjevingslina på vidaregåande, men då ein lyt til Sverige eller Danmark for å få utdanning i faget slo ho tanken frå seg. Etter ei tid dukka lærlingplassen opp, Silje fekk den og kunne starta glasforminga.

– Eg hadde eit ynskje om å verte noko berre eg er, som ingen andre eg kjenner er, fortel hardingen, som vart litt forelska i faget etter å ha sett ei Norge rundt-reportasje.

Lærlingtida er over – Silje har fløtt heim til Ulvik, starta firmaet Syse glas og pendla ei tid til Bergen og omnen nokre dagar i månaden. No nyleg har ho investert i eigen omn.

– Draumen min er å vera glasblåsar på heiltid, det vonar eg å få til no.

LES OGSÅ: – Det er ikkje berre i Oslo det skjer 

Utfordrande stettar
– Noko av det eg likar best, er når eg får til noko lett, som eg har slite med tidligare. Når eg får det til mest utan å tenkje. Til dømes tykte eg det var vanskeleg å halde vinglasa beine gjennom heile prosessen, då både klokke, stett og fot må koplast saman. No går det bra mest kvar gong, forklarar Silje.

Glasblåsaren kjenner at ho har vorte stadig flinkare til å temje det lunefulle materialet – fått godt augemål til å berekne glasmengda i klokka og fått stetteglasa nette nok. Men undervegs har ho brent seg.

– Eg har til og med fått andregradsforbrenning i ei hand. Men eg har aldri brent meg på sjølve glaset, berre på reiskap.

LES OGSÅ: Gullsmed med sølvstreng

Saka fortset under biletet.


Ølglas er av produkta som har vorte meir populære.

Frå putetrekk til glas
Allereie i lærlingtida starta Silje utviklinga av sitt uttrykk, så langt unna læremeisteren ho kunne koma. Ho har freista å ikkje sjå for mykje til andre glasblåsarar, for ikkje å kopiere.

Det fyrste ho utvikla var ein serie med Hardangerglas, der ho graverar Hardangersaum-mønster inn i glaset.

– Den ideen sette seg fort. Eg fann eit gamalt putetrekk på loftet til bestemor, og forenkla mønsteret før eg overførte det til glas.

Den populære serien har vorte utvida. Det har vorte stetteglas, lysestakar, vase og fat.

LES OGSÅ: Ikkje gull alt som glitrar

Klåre fargar
Eit viktig element i formgjevingsprosessen, er fargevalet. Eit nyblåse glas får farge ved å verte rulla i farga sand, så vert det kanskje påført eit lag med glas til for å gjere fargen endå klårare.

– Eg har ingen favoritt, men eg likar å skape ting i klåre fargar. Og så tykkjer eg det er fint å kombinere glas i ulike fargar på eit bord, då treng ein ikkje så mykje anna dekor og ingen treng lure på kva glas som er sitt, seier Silje.

Ho opplever at mange likar det solide med handblåsne glas, som ikkje er som dei frå IKEA.

– Eg opplever at mange ser på produkta mine som noko dei vil at andre skal kjøpe til seg, noko å ynskje seg.

No når omnen snart kjem på plass i Ulvik og ho skal leve av glasblåsinga gler ho seg til å utvikla nye produkt. Å starte på heiltid uroar henne ikkje.

– Eg er ikkje flink til å vera bekymra. Eg berre gler meg til å leike meg, utvikle og verte flinkare, avsluttar glasblåsaren.


Silje likar å skape glas i klåre fargar.