Planlegging skal gi bygda betre napp

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slik skal bygda få napp

Små, usikre og stagnerande bustadmarknader gjer at distriktskommunar ofte slit med å gjere seg lekre for potensielle tilflyttarar. I eit nytt tips-hefte frå Distriktssenteret får kommunane no råd om gode tiltak for å byggje nye og fylle tomme hus i distrikta.

– Mange kommunar er på leit etter korleis dei skal leggje til rette for auka busetjing. Men dei kan ikkje berre regulere arealplanen og tenkje at jobben er gjort, seier seniorrådgjevar i Distriktssenteret Trude Risnes.

Det nye heftet samlar dei viktigaste funna frå studien «Boligpreferanser i distrikta» som Norsk institutt for by- og regionforsking (NIBR) gav ut i vår på oppdrag frå Distriktssenteret.

– Råda er ikkje ein fasit for alle, men vi vil synleggjere konkrete grep og tiltak som har fungert andre stader, fortel Risnes.

LES OGSÅ: Spår meir stabile bustadprisar på bygda

Kommunen må drage lasset
Eit typisk kjenneteikn for bustadsituasjonen i distriktskommunar er at fleire hus står tomme, men likevel ikkje er tilgjengelege. Dei er blitt feriebustader, eller eignar seg ikkje lenger til å bu i.

Samtidig fører den økonomiske risikoen til lite nybygging, og kommunane manglar ofte gode utleigebustader. For å snu denne situasjonen, rår heftet frå Distriktssenteret kommunane til å lage seg ein bustadstrategi og å leggje til rette for meir samarbeid.

– Vi trur det kan vere behov for å etablere arenaer der private aktørar, næringslivet og representantar for kommunen møtes for å diskutere bustadbehov, moglegheiter og utfordringar både for kommunen og for den lokale bustadmarknaden. Ikkje berre i tilknyting til konkrete prosjekt, men også på meir generelt grunnlag. Slike samarbeidsarenaer vil også kunne styrke den planfaglege kompetansen i kommunen, er eitt av råda i heftet.

LES OGSÅ: Bygda trekkjer til seg fleire kunstnarar

Bommar gjennom å ville nå alle
Samarbeid på tvers av kommunegrensene kan vere avgjerande for å lokke folk til distrikta, ifølgje rapporten frå NIBR.

– Ved at nabokommunar i ein region går saman om bustadpolitisk og bustadstrategisk planlegging, vil det gi større moglegheiter, enten det gjeld eksisterande bustader eller utvikling og utbygging i åra framover. Sjølv om kommunane konkurrerer om innbyggjarar, må dei som region samarbeide for å stå sterkare i konkurransen regionar imellom, skriv forskingsinstituttet.

Kommunane må samtidig passe seg for å prøve å femne for breitt. Dei som har «alle» som målgruppe, treffer ofte ikkje, ettersom ulike innflyttargrupper kan ha forskjellige behov. I marknadsføringa bør kommunane derfor vere tydelege på kva grupper dei vender seg til, og løfte fram dei kvalitetane som akkurat den gruppa er oppteken av, anten det er eit levande sentrum eller fantastiske turmoglegheiter. Men det eine treng ikkje å ekskludere det andre.

– Det som kanskje er den viktigaste kvaliteten ved slike stader er at ein kan få både i pose og sekk, både typiske rurale kvalitetar og typiske urbane kvalitetar, slår heftet fast.

LES OGSÅ: Me og dei – på bygda

– Lag oversikt på nett
Eitt av dei mest konkrete tipsa er at kommunane bør lage ei samla oversikt over bustadtilbodet i regionen på heimesidene sine, gjerne i samarbeid med andre kommunar. Der bør det stå om både eksisterande og planlagde bustader, både hus, leilegheiter, småbruk, bustadtomter og tomter som er under regulering. På den måten kan noverande innbyggjarar, potensielle tilflyttarar og tilbakeflyttarar vurdere moglegheitene litt fram i tid.

Trude Risnes håpar det at Distriktssenteret no har samla funna frå forskingsrapporten i kortform kan stimulere både utbyggjarar og kommunar til å slå hovuda i hop om vidare strategisk bustadutvikling.

– Vi kjem med konkrete råd som ikkje nødvendigvis kostar så mykje, men som handlar om kvar ein rettar søkjelyset, om å snu arbeidsmetodar, samarbeid og det å ha nokre felles mål. Det treng ikkje å koste så mykje pengar, men det kostar nok litt i vilje.

Faktaboks

Råd til kommunane:

• Lag ei samla oversikt over bustadmarknaden på nettsida til kommunen.

• Opprett samarbeid mellom kommunen, utbyggjarar og næringsliv og private bustadeigarar

• Samarbeid med andre kommunar i regionen

• Legg til rette for utbygging av mindre bustader

• Involver ulike aldersgrupper i bustadutviklinga

• Marknadsfør både rurale og urbane kvalitetar

• Bruk låne- og tilskotsordningane til Husbanken aktivt

Kjelde: Distriktssenteret/ NIBR