Stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal har sommarjobb på Sunnmørsheimen.

Kjell Arne Steinsvik, Møre-Nytt
Kjell Arne Steinsvik, Møre-Nytt

Til dagleg sit Bjørdal i arbeids- og sosialkomiteen på Stortinget, men i sommar er han tilbake på gamle trakter. I åra før han vart valt inn, arbeidde han på akuttavdelinga på Sunnmørsheimen i Volda. No er han tilbake.

– Noko av det eg saknar mest med å sitje på Stortinget, er å ha eit vanleg arbeid. Dei åra det ikkje er val, har ein mulegheit til å finne på eigne prosjekt om sommaren. Då vart det Sunnmørsheimen. Det er ikkje berre lærerikt å få friska opp faget sitt, men ein får også sjå på individnivå det ein arbeider med på systemnivå i Oslo, seier arbeidarpartipolitikaren.

Bjørdal merkar at ein av skilnadene, er at ein her ser resultatet av arbeidet med ein gong.

– Kanskje fleire politikarar burde hatt sommarjobb ute i felten?

– Ja, å vere stortingsrepresentant vert aldri eit vanleg arbeid. Ein har ikkje ein vanleg arbeidsdag, og ein er ikkje omfatta av arbeidsmiljølova. Her får ein sjå korleis folk har det frå eit arbeidsmiljøperspektiv, som er det eg arbeider med til dagleg på Stortinget.

Vil framsnakke barnevernet
– Ser du att noko av det du arbeider med på Stortinget?

– Ja, ein del. Kvalitet og organisering av barnevernet har vore diskutert veldig mykje det siste året, og det har ikkje alltid vore så godt samarbeid mellom statleg og kommunalt barnevern. Alt vi les om i dokument og diskuterer overordna, ser vi att her, seier Bjørdal, som brenn for eit styrka barnevern.

– Dette er eit fag som er i stadig endring. Det er ingen tvil om at barnevernet ikkje kan prioriterast ned. Det er noko av det viktigaste vi har, og er førebygging på sitt beste. Det er betre å byggje friske born enn å reparere sjuke vaksne, meiner Bjørdal.

– Ved å jobbe her, vil eg samstundes støtte opp om arbeidet barnevernet gjer. Det er ingen annan etat som får meir kjeft for det dei gjer. Knapt noka stilling er ein større uriaspost enn å vere barnevernsarbeidar. Enten gjer ein for mykje for tidleg, eller for lite for seint. Det vert aldri nok. Eg vil vere ein ambassadør som talar barnevernet si sak og snakkar opp etaten, seier han.

Bjørdal tok til i arbeidet førre veke, og skal arbeide eit stykkje ut i august. På Sunnmørsheimen er han stasjonert på akuttavdelinga, som tek i mot ungdom i alderen 12 til 18 år som ikkje kan bu heime av ulike årsaker.

Halvlotting
Fredric Holen Bjørdal har snart vore på Stortinget i eitt år. Som ein av dei yngste representantane på tinget, har han kome seg kjapt opp i systemet.

På spørsmål om korleis han har hatt det sidan han vart valt inn, svarar han at han somme tider kjenner seg som ein «halvlotting».

– Vi er i ei stor partigruppe, med 55 representantar. Så ein kjenner nok litt på hierarkiet og ansiennitet når pendlarhyblar, verv og oppgåver skal fordelast. Men når det er sagt, har eg fått bra med handlingsrom. Så er det slik at om ein står på, tek initiativ og jobbar, får ein løn for det. Sjølv prøver eg å jobbe så hardt eg kan. Eg har kome i den komiteen eg ville, og har arbeidd med dei spørsmåla eg ønska. Det synest eg er stas, seier Bjørdal, som framleis har beina trygt planta i Ørsta.

– Eg kan ikkje tenkje meg å flytte permanent til Oslo. Eg vert nok å sjå på Widerøe-flyet fleire gongar i veka. Når ein er oppvaksen blant Sunnmørsalpane, vert ikkje betongjungelen det same.

LES SAKA I MØRE-NYTT!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.53
ANNONSE