Stryk til reiseplanleggjar

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 – Det er for vanskeleg å planleggje kollektivreiser til turistdestinasjonane her i landet, skriv Forbrukarrådet på eigen nettstad.

LES OGSÅ: Flytande hytte skal huse turistar

Forbrukarrådet har testa den offentlege reiseplanleggjaren Rutebok.no, reiseplanleggjaren på gulesider.no og 15 regionale reiseplanleggjarar tilbodne av kollektivselskapa til fylka. Til saman er 86 reiseruter testa.

Betring hos fylka
Ifølgje Forbrukarrådet har fylka sine reiseplanleggjarar gått frå «nærast ubrukelege» til å bli betre. Likevel meiner rådet det framleis er vanskeleg å planleggje reiser på kryss og tvers i store delar av landet.

LES OGSÅ: Gründer på fottur

For kort tid når ein skal byte transportmiddel, omvegar og problem når ein vil krysse fylkesgrenser er nokre av utfordringane ein kan møte ved bruk av reiseplanleggjarane.

Vil ha nasjonal reiseplanleggjar
Ifølgje Forbrukarrådet sjølv har dei lenge har etterlyst ein nasjonal reiseplanleggjar som fungerer like bra over heile landet.

Rådet skriv at Stortinget allereie i 2006 vedtok at landet skulle få ein reiseplanleggjar, men at det framleis ikkje har skjedd.

LES OGSÅ: Viser fram Noreg i ny Disney-film

– No må samferdselsministeren på bana og få på plass ein nasjonal reiseplanleggjar som gjer det mogleg å reise over fylkesgrenser til lands, over vatn og i lufta, meiner Anne Haabeth Rygg, fagdirektør for samferdsel i Forbrukarrådet.

Trass i at ingen av reiseplanleggjarane fekk godkjent-stempel, meiner Rygg likevel at der er teikn til betring.

– Dei gir deg ikkje lenger reiseforslag som krev at du må har med telt og sovepose, uttaler Rygg på nettstaden til Forbrukarrådet.

LES OGSÅ: Sverige er nest-best