Kjensler smittar på Facebook

Er dine vener positive eller negative på Facebook? Det kan påverke humøret ditt.

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ifølgje ein studie som Facebook sjølv står bak, kan humøret til dine Facebook-vener påverke deg.

LES OGSÅ: Her er det «snillaste» landet

Då Facebook fjerna positive postar frå nyhendestraumen til over 680 000 brukarar, endra tonen seg i brukarane sine eigne statusoppdateringar. Brukarane byrja å skrive meir negative postar, og færre positive.

Det motsette skjedde når negative statusoppdateringar vart fjerna.

Funna kan tyde på at kjensler kan smitte også utan direkte kontakt og når kroppsspråk ikkje spelar inn.  Det meiner forskarane bak studien, ifølgje Livescience.

Tidlegare forsking har støtta ideen om at ein vert påverka av andres kjensler, utan å vere klar over det sjølv.

LES OGSÅ: – For lite nynorsk på Internett

Facebook-forskarane bestemte seg for å teste hypotesen via det sosiale nettverket. Dei gjorde eit tilfeldig utval på nær 700 000 brukarar og manipulerte talet på positive og negative oppdateringar i nyhendestraumane.

I gjennomsnitt innehaldt dobbelt så mange statusoppdateringar positive ord som negative ord.

I tillegg til samanhengen mellom statusoppdateringane til brukarane og venene, fann forskarane at folk som såg færre emosjonelle oppdateringar generelt, i mindre grad uttrykte kjensler i eigne oppdateringar.

LES OGSÅ: – Sosiale medium øydelegg språket