Pingvinanes dødsmarsj

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Populasjonen av keisarpingvinar er venta å minske drastisk i laupet av århundret, ifølgje ein ny studie.

Klimaendringar trugar pingvinane
Keisarpingvinen er den største av alle pingvinane, og den er ein av berre to pingvinartar som hekkar i Antarktis. Ein reknar med at det finst minst 238 000 hekkande par fordelt i 46 koloniar.

Pingvinarten hekkar og oppfostrar kyllingane sine i utkanten av havisen i Antarktis. Eit stabilt isdekke er dermed viktig for deira evne til å overleve.

LES OGSÅ: Unge er klimaoptimistar

For lite is kan truge næringsgrunnlaget til pingvinane. Isen er heim til mellom anna fisk, krill og blekksprut, som er vitale delar av pingvinane sin diett. For mykje is kan på den andre sida gjere at pingvinane må reise langt for å komme til havet. Denne reisa er krevjande og farleg for vaksne pingvinar, for ikkje å snakke om pingvinar med ungar.

Klimaendringar kan påverke havisen både direkte og indirekte – ikkje berre ved å føre til global oppvarming og issmelting, men også ved å endre vind- og bølgjemønster som flyttar på isen.

På raudlista
No har forskarar gjort nytte av klimaprojeksjonar av havisdekket på 45 kjende koloniar, for å finne ut korleis endringane påverkar pingvinbestanden.

Forskarane kom fram til at minst 75 prosent av koloniane er sårbare for endringar i havisen. Heile 20 prosent av koloniane kan stå i fare for å bli utrydda innan år 2100, melder Sciencemag.org.

Nyleg fekk keisarpingvinen status som nær trua, på Verdas naturvernunions raudliste for truga artar

LES OGSÅ: Ungdom meir uroa for klimaet