Lite verdsett, men høg trivsel

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lite verdsett, høg trivsel

Det kjem fram i OECDs store undersøking blant lærarar og rektorar på ungdomstrinnet, TALIS 2013.

LES OGSÅ: Det vert streik

Direktør i Utdanningsdirektoratet, Petter Skarheim, meiner rapporten er positiv for norsk skule.

­– Den syner at mange skular har teke grep og byggjer ein betre kultur for tilbakemeldingar. Konkrete tilbakemeldingar skapar betre undervisning i norske klasserom, seier Skarheim i ei pressemelding.

Trivst i jobben
Berre éin av tre lærarar at læraryrket vert positivt verdsett i samfunnet. Ifølgje undersøkinga trivst norske lærarar likevel godt i jobben sin, og mindre enn fem prosent av lærarane svarar at dei ikkje trivst.

Sjølv om dei fleste lærarane trivst og har gode relasjonar til elevane, strevar mange med å halde ro og orden i klasseromma.

– Dette syner at norske lærarar framleis har utfordringar når det kjem til klasseleiing og strukturering av undervisninga, heiter det på Utdanningsdirektoratet sine heimesider.

LES OGSÅ: Slutt på nynorskklasse i Stavanger

Eit anna funn var at norske rektorar i større grad gir tilbakemelding til lærarane enn før. I 2008 sa 66 prosent av rektorane at dei vurderte lærarane årleg eller oftare. No svara 78 prosent av rektorane det same.

Ifølgje rektorane sjølve, legg dei stor vekt på klasseromsobservasjonar, elevresultat, og tilbakemeldingar frå elevar og foreldre når dei gir tilbakemeldingar.

Mindre tid til kompetanseutvikling
Ikkje alt som kom fram i rapporten var like positivt. Norske lærarar brukar mindre tid på kompetanseutvikling enn sine kollegaer i andre OECD-land. Medan gjennomsnittet for lærarane i TALIS var 8,5 dagar på kurs og workshops, brukar dei norske lærarane berre 3,5 dagar på det same.

LES OGSÅ: Full pott på speed-date

Samstundes brukar norske lærarar i større grad aktive arbeidsformar som gruppearbeid, differansiering av elevane sine arbeidsoppgåver, og IKT i undervisninga enn lærarar i andre land.

Norske lærarar samarbeider også i stor grad med kvarandre. Dette gjeld særleg samarbeid om undervisningsopplegg og vurdering av elevar. Likevel svara ein tredjedel at dei aldri underviser saman med ein annan lærar. Nesten halvparten svara også at dei aldri har observert og gitt tilbakemelding til ein kollega.

Her kan du lese meir om rapporten.