No kan artisten med rette kalle seg Noregs beste folkesangar.

Odd Nordstoga gjekk heilt til topps under folkemusikkkonkurransen Landskappleiken. Dette er første gong han vinn denne klassen, skriv Eivind Kaasin i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Harding-fele er balsam

I år vert den tradisjonsrike folkemusikkonkurransen arrangert på Geilo i Hallingdal. For første gong på mange år deltok Nordstoga på Landskappleiken, denne gongen i klassen for vokal folkemusikk.

Nordstoga kvalifiserte til denne klassa allereie i 2001, men har aldri vunne den før.

LES OGSÅ:Genar påverkar musikalitet

20 folkesongarar var samla i den smekkfulle kulturkyrkja på Geilo i Hallingdal, for å konkurrere om å bli den beste folkesangaren i Noreg. I dommarpanelet sat dei profilerte folkesangarane Berit Opheim, Kirsten Bråten Berg og Eli Storbekken. Til sist falt valet på kvedaren fra Vinje i Telemark.

Odd Nordstoga er dermed invitert til folkemusikkens eiga festførestilling i Operaen i november. Då samlast nemleg eit utval av vinnarane frå Landskappleiken og Landsfestivalen til ein stor meisterkonsert.

LES OGSÅ: Slepp fredagsmusikk på ein måndag

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.53

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE