Vil stogge norsk våpeneksport

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nei, meiner leiar i Changemaker Hanne Sofie Lindahl (23). I ryggen har ho om lag 1500 ungdommar. Måndag lanserte ungdomsorganisasjonen Changemaker kampanjen «Skal vi stanse norsk diktatoreksport?».

Oppmodinga til stortingspolitikarane er klår:

– I år feirer vi at Noreg har hatt demokrati i 200 år. På same tid hindrar vi andre land i å oppnå det same, ved å eksportere våpen til autoritære regime. No er det på tide at politikarane tek ansvar, seier Lindahl.

Denne veka arrangerer Changemaker sommarleiren SommarSNU på Sørlandet. På torsdag vart kampanjen, som skal vare til februar neste år, sparka i gang med ein aksjon i Kristiansand.

LES OGSÅ: Krev openheit i skatteparadis

Smutthol i regelverket
Noregs rolle i den internasjonale våpenindustrien er omstridd. I 2013 var Noreg rangert som verdas 22. største eksportør av våpen på fredsforskingsinstituttet i Stockholm (SIPRI) si liste over internasjonale våpeneksportørar. I 2011 kom det fram at Noreg hadde solgt krigsmateriell til Gaddafis regime, berre månadar før krigen braut ut i Libya.

I februar vakna debatten til live på ny, då reglane kring norsk våpeneksport vart handsama i Stortinget. Ifølgje SVs Bård Vegar Solhjell er det særleg to hol i regelverket som gjer at militært materiell frå Noreg kan hamne i diktatur.

– Når vi eksporterer til Nato-land får vi ikkje noko forplikting om at dei ikkje vil selje vidare til land som er i krig. Norske våpen kan dermed hamne i Israel, Columbia eller eit land i Midtausten. Det andre holet vi må tette, er at norskeigde bedrifter som Nammo i Kongsberg har etablert fabrikkar i andre land. Ei norskeigd bedrift i USA kan selje våpen til Israel, sa Solhjell til Nrk.no i februar.

LES OGSÅ: – Slepp unna norsk openheitslov

Trass innvendingane vedtok Stortinget at reglane for sal av militært materiell til utlandet ikkje skulle strammast inn, men at stortingsmeldinga skulle «tas til etteretning», skriv NRK. Les meldinga her.

Ifølgje Changemaker er ikkje dette godt nok.

– Vi eksporterer krigsmateriell direkte til både Dei sameinte arabiske emirata, Qatar, Kuwait og Saudi Arabia. Desse statane er berykta for menneskerettsbrot. Tortur, kvinneundertrykking og mangel på ytringsfridom er regelen, ikkje unntaket, seier Lindahl.

Eksportstans, openheit og eige stortingsutval
– Vanlegvis arbeider vi for å endre reglar. I dette tilfellet er regelverket på plass. Problemet er at vi ikkje følgjer reglane. Det er ikkje greit at politikarane godtek eksport til undertrykkande regime, seier Changemaker-leiaren.

Organisasjonen stiller tre krav til regjeringa og stortingspolitikarane.

LES OGSÅ: – Flau over å vera norsk

Dei vil stanse all norsk eksport av krigsmateriell til autoritære regime. Dei ønskjer større openheit frå regjeringa om kvifor nokre land får avslag, medan andre vert godkjent. Og dei meiner at alle lisenssøknadar som inneber nye mottakarar av eit produkt skal verte handsama av eit utval på Stortinget.

– No går det 1,5 år frå ein søknad er handsama av Utanriksdepartementet, til eksportmeldingane vert diskutert på Stortinget. Større openheit vil gjere oss i stand til å debattere våpensal undervegs, og ikkje berre vere etterpåkloke. Eit eige utval på Stortinget vil ansvarleggjere dei folkevalde, og sikre at reglane vert følgde, meiner Lindahl.

Meiner openheita allereie er stor
Statssekretær i Utanriksdepartementet (DU) Bård Glad Pedersen (H) seier at det er brei semje om det norske regelverket.

– Det har vore, og er, brei semje i Stortinget om det strenge norske regelverket, og hovudregelen er at vi ikkje tillèt eksport til land der det er krig eller borgarkrig, eller der krig trugar. Reglane for eksport er tydelege på at det ikkje skal verte eksportert forsvarsmateriell som kan verte nytta til intern undertrykking i mottakarland, der det kan vere risiko for det, skriv Glad Pedersen i ein epost.

LES OGSÅ: Får Nobelprisen for kampen mot atomvåpen

Ifølgje statssekretæren er det allereie stor openheit om eksport av norsk forsvarsmateriell.

– Dette meiner eg er viktig og riktig. Det vert årleg sendt ei detaljert melding til Stortinget, som gir informasjon om kva slags militære varer som har blitt eksportert, kva land det vart eksportert til, og verdien av eksporten. Meldinga inneheld også informasjon om søknadar som er blitt avslått. Som meldinga syner, skil vi mellom eksport av våpen og ammunisjon (A-materiell) og anna forsvarsmateriell (B-materiell).

Vil leggje til rette for vidare eksport
På Changemakers kampanjeplakat er statsminister Erna Solberg portrettert med eit smil om munnen og ein diktator i handveska. ‘Dette er Erna. Hun er statsleder for en av verdens største våpeneksportører’, heiter det på plakaten.

Er dette ei rettferdig framstilling av Solberg?

– Poenget er å syne relasjonen mellom norsk våpeneksport og diktatorar i undertrykkande regime. Dette er ein relasjon vi vil stogge. Solberg er Noregs andlet utover, og kampanjen er retta både mot regjeringa og mot stortingspolitikarane, seier leiaren i Changemaker.

På spørsmål om korleis UD stiller seg til framstillinga i kampanjen, skriv statssekretær Glad Pedersen:

– Noreg har eit av verdas strengaste regelverk for eksport av forsvarsmateriell. Ein altovervegande del, mellom 80 og 90 prosent, av vår eksport går til Nato-land og til nærståande land, som Sverige og Finland. Dei strenge reglane for eksport er også viktige for å gi norske forsvarsbedrifter føreseielege vilkår. Desse bedriftene er viktige verdiskaparar og teknologidrivarar. Regjeringa ønskjer å leggje til rette for framleis eksport gjennom eit strengt og tydeleg regelverk.

LES OGSÅ: Tre av fire: OK å bryte reglar i krig

Faktaboks

UDs sjekkliste for søknadar om våpeneksport

Avgjersler om eksport av forsvarsmateriell kan tillatast eller ikkje, skal mellom anna ta omsyn til følgjande tilhøve i mottakarlandet:

Haldning til internasjonale MR-instrument, respekt for humanitær rett.

Respekt for sivile og politiske rettar.

Rapportar frå kompetente organ om alvorlege brot på menneskerettane.

Risiko for at det militære utstyret kan verte nytta til brot på grunnleggjande menneskerettar.

Risiko for uønska avleiing frå oppgjeven sluttbrukar.

Tilhøve knytt til ytringsfridom, inkludert pressefridom og forsamlingsfridom.

Myndigheitsovervaking, som sensur og vilkår for innbyggjaranes bruk av sosiale medium/Internett.