Nynorskprisvinnar: – Gjer språket enkelt

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ikkje bli for vaksen

– Vêr varsam med å bli for vaksen i språket ditt med lange og vanskelege ord.

Hald deg unna synonymordboka frå bokmål til nynorsk så lenge du klarar, er råda frå vinnaren av prisen Årets nynorskjournalist frå Kulturdepartementet.

LES OGSÅ: Følg grunnlovsferda her!

Ingunn Solheim er kjent for mange som den uredde journalisten på NRK som stiller skarpe spørsmål til politikarar. Mange kjenner henne også att frå 22.-juli-rettssaka. Fredag blei ho heidra for språket sitt under Dei nynorske festspela.

– Eg ser mange nynorskbrukarar som kavar for å finne eit ord som liknar på bokmålsordet og som er såkalla «lov» å seie på nynorsk. Det blir fort rotete, konstruert og tungt, seier Solheim. Ho er oppteken av at språket skal vere enkelt, og endrar ofte både på setningar og ord, for å gjere dei meir forståelege for seg sjølv. Det blir ofte også meir forståeleg for andre.

Gjer språket allment
– Prisen Årets nynorskjournalist ser eg på som ei løypemelding. Det er ikkje slik at nynorsken min blir betre av å få denne prisen, han er heller ei påminning om å arbeide vidare, halde fram og gjere meir av det eg har gjort til no.

– Då eg studerte juss, der all faglitteratur er på bokmål, fann eg ut at eg lærte meir – eller lærte det eg skulle betre – om eg delte opp setningar og ord på bokmål og gjorde dei til mine eigne. Det er ein god måte å lære på, eg prøver alltid å gjere språket mitt enklast mogleg. Og at juryen nemner dette også i grunngjevinga si – at eg er klar og lett å forstå – ja det gjer meg glad, seier ho til Nynorsk pressekontor.

Overtek Debatten
Til hausten blir Ingunn Solheim programleiar for Debatten på NRK. Det ser ho fram til.

– Vi er ein heilt ny gjeng som skal lage eit så nytt program som vi kan.

LES OGSÅ: Rekordmange vil på festspela

Men sjølv om no får ei litt anna rolle, gjer ikkje dette noko skilnad på språket. Det tar ho med seg også til direktesendingane.

– Det er klart at i Dagsrevyen får vi meir tid til å førebu oss på det vi skal seie, meir tid til å førebu tekstar. I Debatten, som er eit program med mange involverte, blir nok språket meir munnleg.

Ho blir meir involvert direkte i debattar og meiningsutvekslingar, men er ikkje redd for at språket hennar skal bli dårlegare av den grunn.

Sjølvtillit
– Eg tenkjer at det viktigaste er å ikkje vere redd for å gjere feil. Jobben som programleiar for Debatten på NRK handlar like mykje om å jobbe fram ei leiarrolle.

Juryen sa at eg i arbeidet mitt kjem med skarpe spørsmål som eg avvæpnar med kommentarar og smil. Og det er ein arbeidsmåte eg vil ta med meg også som leiar i Debatten, fortel Solheim.

LES OGSÅ: Sarkasmedronninga som målbind nettrolla

– Denne prisen hjelper på sjølvtilliten. Og vi må alle ha sjølvtillit nok til å bruke nynorsken over alt. Fordi nynorsken er så naturleg for meg, så er han også med på å gje meg sjølvtillit. Å vere stø i språket i møtet med makta er ein fordel. Sjølvsagt er det.

– Eg opplever at folk likar nynorsk godt, det er viktig for meg å fortelje. Eg har fått mange positive tilbakemeldingar som nynorskbrukar og har ikkje opplevd at folk har syntest det er problematisk at eg nyttar nynorsk som journalist, avsluttar ho.

Fakta om prisen:

Ingunn Solheim får Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar 2014 mellom anna for stødig bruk av nynorsk i si journalistiske gjerning. Ho er svært stø i språket sitt, og kombinerer og balanserer dialekten sin og normert nynorsk godt. Trass i at ho ofte intervjuar politikarar på direkten, er det sjeldan at bokmålsorda og byråkratspråket snik seg inn. Ho er språkleg stilsikker i vekslinga mellom konfronterande spørsmål og avvæpnande kommentarar, og har ledig og trygt losa sjåarane gjennom to val.

Solheim var òg eit solid ankerfeste under direktesendingane frå 22. juli-rettssaka. I jubileumsåret for Grunnlova er juryen stolt over å heidre ein nynorskbrukande journalist med ei stadig meir sentral rolle i den opplyste debatten, heiter det i grunngjevinga.

Kulturdepartementet peika ut ny jury i fjor der kommunikasjonssjef i Kirkens Nødhjelp Håkon Haugsbø er leiar. Han har med seg festspeldiktar og journalist Agnes Ravatn og redaktør i Firdaposten Svend Arne Vee. Leiar for NRK Nynorsk mediesenter Magni Øvrebotten er sekretær for juryen.

Prisen er 50.000 kroner og eit norsk kunstverk.

LES OGSÅ: Bli med Grunnlove på turné!

Faktaboks

Fakta om Ingunn Solheim:

Fødd 1980, frå Førde i Sogn og Fjordane.

Politisk journalist i NRK Nyheiter sidan 2011

Frå hausten vert ho programleiar for Debatten i NRK1.

Ho har vore programleiar i valsendingane til NRK ved dei to siste vala

Ho var programleiar under direktesendingane frå 22. juli-rettssaka i 2012.