Kvifor trykker du «like»?
Det er kanskje ikkje nok å trykke «like», men folk meiner ofte alvor når dei støtte gode føremål på Facebook.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Forskarar ved Sintef har kartlagt vanene til over 400 Facebook-brukarar, for å finne ut korleis dei brukte «like»-knappen på Facebook.
LES OGSÅ: Ikkje liksom-forsking
Medan nokre er engasjert i saka, klikkar andre likar fordi det kjenst riktig der og då. Andre vil berre syne venene sine at dei saker med eit godt føremål. Det melder Forsking.no.
Facebook-brukarane som var med i undersøkinga, er rekruttert frå Plan Noregs Facebook-side. Målet var underøke motiva deira for å like ei humanitær sak eller organisasjon på Facebook.
LES OGSÅ: Difor forsvinn biene
Forskarane fann at det i hovudsak er seks ulike årsaker til at folk likar gode føremål på Facebook:
1. Dei vil ta sosialt ansvar, eller medverke til å støtte saka.
2. Det kjenst riktig der og då, som ein emosjonell repons.
3. Dei ønskjer å få meir informasjon om saka.
4. Dei vil framstå som engasjert overfor andre.
5. Det kostar dei minimalt å trykke «like».
6. Liking har blitt ei rein rutine.
Fleirtalet meinte at «likes» fremjar humanitære organisasjonar og deira arbeid, skriv Forskning.no. Berre eit mindretal har slutta å like gode føremål.
Liker-knappen på Facebook er ofte skulda for å berre vere ei enkel skrytehandling, men studien syner altså at dei som likar ei god sak, ofte meiner handlinga kan gjere ein skilnad.