Færre ungdommar rusar seg

Tora Hope
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mindre rus blant unge

Ein fersk rapport frå Statens institutt for rusmiddelforsking (Sirus), syner at nordmenn drikk mindre alkohol enn før. Også blant unge er både alkohol- og hasjbruken på veg ned.

LES OGSÅ: «Pale Ale is the new pils»

Rusforskar Willy Pedersen ved Universitetet i Oslo meiner tendensen viser at fråhald blant unge kan vere ein protest mot vaksenkulturen, skriv Vårt Land. Han trur nedgangen blant anna kjem av at ungdom er sosiale på andre måtar enn tidlegare.

– Ungdom assosierer ikkje hasj med opprør lenger. Det er noko mange oppfattar som eit problem i vaksensamfunnet, seier Pedersen.

LES OGSÅ: – Må slutta å vera naive

Undersøkinga viser blant anna at delen 15- og 16-åringar som har prøvd hasj, fall frå 12 prosent i 1999 til 5 prosent i 2011.

Ifølgje professoren er det dessutan ungdommen som har leidd an i nedgangen i alkoholkonsum dei siste åra.

– På eit tidspunkt har ungdom etablert andre alkoholvanar enn vaksensamfunnet. Dei begynte å redusere forbruket lenge før befolkninga elles, seier Pedersen. (©NPK)

LES OGSÅ: – Dagens russ er for snille