Komande SU-leiar Nicholas Wilkinson reagerer på at kronprinsen og velståande folk tek borna sine ut av fellesskulen. – På sikt vil det ta livet av velferdssamfunnet, meiner ungdomspolitikaren.

mm
Faktaboks

Nicholas Philip Bendiksby Wilkinson
Alder: 26
Jobbar: Har vore fylkessekretær for Akershus SV, snart SU-leiar
Favorittfag på skulen: Matte
Verv: For mange…
Medlem i: Ungdom mot EU, Naturvernforbundet, Røde Kors og Human-Etisk Forbund.
Hobby: Speler på min splitter nye Xbox One

LES FAKTALUKK FAKTA

Sosialistisk Ungdom (SU) sitt landsmøte starta denne helga og vert avslutta tysdag 24. juni. 120 delegatar skal vedta ein ny handlingsplan og velja ny leiar heilt til slutt. Etter absolutt alt å døme tek Nicholas Wilkinson frå Oppegård over etter Andreas Halse i kveld.

LES OGSÅ: – Tiggeforbodet er avskyeleg

SU i raudt og grønt
På agendaen står mellom anna grøne arbeidsplassar for å bøta på klimakrisa – som Wilkinson meiner er den største trusselen i vår tid – og valdtektstiltak. SU vil vinne natta tilbake.

– Kvar dag går tusenvis av kvinner heim med fryktknutar i magen fordi politikarane ikkje har tatt knekken på valdtektsbølgja. SU går til kamp mot valdtekt og kvinneundertrykking og me vil foreslå eit breitt valdtektsforlik på Stortinget, fordi kvinners tryggleik er for viktig til å drive politikk på, skriv Wilkinson i ein epost til Framtida.
 
– Kva vil Sosialistisk Ungdom merka av forskjell med deg som leiar?

– SU står for miljø og rettferd uansett kven som er leiar. Eg likar å reise så eg håpar medlemmane i heile Noreg skal få enda meir besøk i åra som kjem.

– Kvifor er det bruk for Sosialistisk Ungdom i norsk politikk?

– SU er den einaste ungdomsorganisasjonen som samlar det røde og det grøne. Me trengst fordi berre SU pressar på for ei rettferdig miljøpolitikk som brukar ressursar på dei som har minst, og som tørr å seie at dei rikaste skal bidra meir til fellesskapet.  

LES OGSÅ: Protesten mot jantelova

Barnebursdagar
Engasjementet vaks fram i oppveksten. Ungdomspolitikaren kjem frå einkommune der dei fleste har god råd. Likevel var det ungar som ikkje kunne delta i bursdagar fordi foreldra ikkje hadde råd å sende med dei gåve.

– Eg forstår framleis ikkje kvifor nokon skal ha så masse medan nokon har så altfor lite. Eg engasjerte meg fordi eg vil at alle barn skal ha like gode moglegheiter, forklarar Wilkinson

– Kva er det du brenn for og vil gjera noko med?

– Eg brenn for at alle skal ha fridom til å leve liva våre slik me vil, svarar Wilkinson, og tek dermed i bruk eit omgrep som fleire har klaga på at høgresida har teke patent på.

Borna til krompen
Til grunn for Wilkinson sin fridom ligg andre verdiar.

– Den største trugselen mot vår fridom er global oppvarming, stigande hav og ekstremvêr. Om me skal vinne kampen må me vere mange. Om me ikkje får med oss fagrørsla på løysingane tapar me.

Wilkinson vil «farga miljøpolitikken raud, så me i fellesskap kan byggja ei grøn og rettferdig framtid».

– Eg er fri til å leve slik eg vil fordi eg veit at om eg brekk beinet får eg gratis helsehjelp og om eg mistar jobben får eg trygd. Det gir meg tryggleik og fridom i kvardagen. Men velferdssamfunnet overlever berre så lenge folk vil betale for det. Når kronprinsen trekk sine born ut av fellesskulen er han berre ein av mange rike som no kjøper andre private tenester. På sikt vil det ta livet av velferdssamfunnet. Om fellesskapet skal overleve må me auke og betre velferda for alle, meiner 26-åringen.

LES OGSÅ: Gutar får dårlegare karakterar av lekser

Mot puggeskulen
Sosialistisk Ungdom vil puggeskulen til livs og heller gje unge fridom til å lære med heile kroppen.

– Det me treng er kreative, smarte ungdommar, ikkje folk som kan kongesagaene på rams. Den beste skulen får me med meir praktisk læring, meir valfridom, færre prøver og respekt for yrkesfag. For å byggja skulen SU vil ha må me bruka pengane på fleire gode lærarar ikkje skattekutt til dei rikaste, meiner oppegårdingen.

Idealsamfunnet til den nye SU-leiaren er eit samfunn der alle har like gode moglegheiter og like stor fridom til å leve liva sine slik dei vil. 

– Fri for undertrykking, rasisme, fattigdom og global oppvarming, avsluttar Wilkinson

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.53

Kommentarar

ANNONSE