Rekordmange vil på Festspela

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi har plass til alle som ønskjer å få med seg konserten med Helene Bøksle, men oppmodar publikum om å bestille billett for å vere sikra sitjeplass i amfiet, seier programansvarleg Karine Munch i Ivar Aasen-tunet.

Dette er første gongen Helene Bøksle opptrer i Aasen-tunet, men ho har likevel eit spesielt forhold til staden.

‒ Oldefar min, Johannes Arneson, var målmann og kjende Ivar Aasen. Mormor fortalde om han, og gjennom henne vaks eg opp med Garborg og den nynorske lyrikken. Det blir ein konsert i oldefars ånd, seier ho.

LES OGSÅ: Tre vidare til teikneseriefinale

Med ei karakteristisk, klår røyst, og med eit musikalsk uttrykk som er sterkt inspirert av norsk tradisjonsmusikk, har ho blitt ein folkekjær artist. Det fjerde albumet hennar, Svalbard, kom ut i fjor sommar, og utover hausten var ho fast gjest i stovene til folk gjennom tv-programmet Stjernekamp, der ho konkurrerte i ulike musikksjangrar med andre artistar.

‒ Eg kjem til å framføre materiale som er sett i hop spesielt for Festspela, noko eg lenge har ønskt å gjere, seier Bøksle.

Har tonesett dikt av Arne Garborg
Ho har sjølv tonesett nokre av Garborg sine dikt, som er å finne på dei tidlegare platene hennar.

‒ Det er skummelt å gje seg i kast med noko slikt, men eg ønskte å gjere det for mormor si skuld. Ho var ein pådrivar for at eg skulle velje den vegen eg har gjort, fortel Bøksle, som har laga eige plateselskap for å kunne styre den kunstnarlege prosessen sjølv. Ho har mange ulike musikalske prosjekt bak seg, men meiner sjølv at det finst ein raud tråd i alt ho gjer.

LES OGSÅ: Kan ein dansa Ravatn?

‒ Målet mitt er alltid å skape ei stemning som kan treffe folk. Når eg merkar at eg har kontakt med publikum, veit eg at eg er på rett spor.

Med seg på scena har ho Oddbjørn Stakkeland på piano og Allan Vigre på gitar.

Utseld for festivalpass
Temaet for festspela er «Makt» og årets festspeldiktar er forfattar og skribent Agnes Ravatn. Det er ein kombinasjon som slår an, ifølgje NPK.

– For første gong i historia er vi heilt utselde for festspelpass, så det er ingen tvil om at programmet er godt, seier Laila Walseth Lid i Ivar Aasen-tunet.

LES OGSÅ: Makt og mangfald på Festspela

Av enkeltbillettar er opningsarrangementet allereie utselt, og dei som vil høyre Linda Eide snakke seg gjennom 200 år på to timar må skunde seg for å kapre dei siste ståplassane.

– Vi har eit aktuelt tema og eit godt program. Den samla pakken gjer at mange vel å bruke helga i Ørsta og Volda, både tilreisande og lokale, fortel Lid.

LES OGSÅ: Nordstoga-brørne er Årets nynorskbrukarar