Ikkje kast dette på Sankthansbålet

Dekk, madrasser, tre med gamal maling og klede blir ofte kasta på bålet. Men det kan du komma til å angra på.

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Pass på kva du brenn

Når Sankthansbåla blir tent på over heile landet i kveld, er det freistande å få det så stort som mogleg, samt bli kvitt ein del gamalt rask som ligg og samlar støv. Alt som kan brennast hamnar i flammene – og då kan resultata bli skadelege.

LES OGSÅ: Det går mot ei våt jonsokfeiring

Tungmetall i strandkanten

Ei ny masteroppgåve viser at det kan vera mykje tungmetall som ligg igjen i oskerestane, skriv forskning.no.

Det er Marie Tveit Vestbøstad som har skrive oppgåva, og basert resultata på testar gjort i Sunnhordland og Trondheim. I Sunnhordland var resultata viste det seg at oska som låg igjen hadde mykje tungmetall i seg, som vert liggande igjen i naturen.

Det er stort sett trykkimpregnert tre og trevirke med gamal maling som legg att tungmetall i oska, og då er det ikkje lurt å rota i oska etterpå.

LES OGSÅ:Are Kalvø – Respekt for folket!

Ikkje kast gift

Også folkebladet.no åtvarar mot å kasta alt mogleg på bålet i kveld. Der åtvarar Senja Avfall mot å kasta ulike ting på bålet.

 

– Både dekk, impregnert eller behandla treverk, tekstil, plastmøbel, madrassar og gamle båtar finn vegen til bålet. Dette er produkt som kan innehalda svært skadelege stoff, og kan føra til alvorlege konsekvensar for både helse og miljø om dei blir brent, seier administrerande direktør ved Senja Avfall, Tor Helge Sørensen, til Folkebladet.

Farleg metall

Forskning.no skriv  at høge nivå av tungmetall kan føra til ei rekkje skader, og at både lunger, lever og nyrer kan ligga tynt an. Sjukdommar som Alzheimer, Parkinsons og MS, samt ulike allergiar og kreft er knytt til tungmetall.

LES OGSÅ: No forsvinn tannlegeskrekken

Men brenn bål

Det er likevel ikkje slik at ein atvarar mot å brenna bål i det store og heile. Sankthansfeiringa, eller jonsok, er ei markering av midtsommaren, og tradisjonen med bål er særleg sterk i Noreg, Danmark og Finland.

Namnet Sankthans kjem frå den kyrkjelege høgtida til minne om døyparen Johannes, men feiringa av midtsommaren skil seg litt vekk frå dette.

Med det tradisjonsrike bålet er det meir enn giftstoffer ein må passa på. Det er skogbrannfare fleire stader i landet, og det er opp til kvar kommune å bestemma om det er lov å brenna bål, skriv direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap.

Faktaboks

Sankthans er i utganspunktet ein kristen tradisjon, for å minnast døyparen Johannes.

Markeringa er mykje meir ei markering av midtsommaren no, og i Noreg, Danmark og Finland er tradisjonen med bålbrenning sterk.

Ei ny masteroppgåve viser at det kan vera farlege mengder tungmetall i oska etter bålet om du kastar til dømes trykkimpregnert tre eller tre med gamal måling på bålet.

Tungmetall er grunnstoff, som kroppen slit med å skilja ut. Det er knytt til fleire sjukdommar, som Alzheimer, Parkinsons og MS.