Bygdas bloggstemme

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Bjørn Egil Flø er fødd og oppvaksen i den vesle bygda Flø i Ulstein kommune, men har seinare flytta til Trondheim by. Der har bygdeguten vorte bygdeforskar ved Norsk senter for bygdeforskning.

På bloggen med det klingande namnet «Rurale refleksjonar» deler han tankar omkring sitt fagfelt.

Vekas bloggar vann førre veke prisen for årets tidsskriftartikkel for «Me og dei andre – om lindukar, Framstegspartiet og bygda som sosial konstruksjon», som ein kan lese på bloggen.

LES OGSÅ: Me og dei – på bygda

Det nye urbane
Bloggen vart oppretta i 2006 etter at sunnmøringen hadde vore på eit forskaropphald i New Zealand, eit land som av nokre vert sett på som eit føredøme når det kjem til omstrukturering av landbruket.

–Eg oppdaga at det var behov for å fortelje ei anna forteljing om New Zealands  landbruk enn den forteljinga som me vanlegvis høyrde i den norske offentlege debatten. Etter at eg kom heim frå reisa mi oppdaga eg at svært mange hadde vorte glad i bloggen min og dermed held eg fram med sporadisk blogging, skriv Bjørn Egil i ein epost til Framtida.no.

Kvifor namnet «Rurale refleksjonar»?

–Eg hadde eit ønske om å ta i bruk ordet «rural» og gjere folk kjent med det ordet og løfte det opp på linje med slik me nyttar ordet urban i dag. Når det gjeld «refleksjonar» trur eg eg valte det for å gi meg sjølv eit slags frirom til å tenke høgt snarare enn å slå fast sanninga slik altfor mange meiner forskinga skal gjere. Personleg har eg meir sans for tvilen enn for skråsikkerheita, svarar forskaren.

LES OGSÅ: Skeivt blikk på ny kvardag

Gløymer norsken
Blogginga har mellom anna lært 50-åringen å skrive folkeleg og lett forståeleg. Det var òg slik han fann forma han ville skrive avhandlinga si på, meir essayistisk enn dei fleste forskingsprosjekt vert presentert.

–Eg har fått stadfesta at det er mogeleg å skrive om relativt kompliserte ting på ein klår og tydeleg måte utan samstundes å redusere presisjonen på det ein ønskjer å seie, snarare tvert om, forklarar Bjørn Egil, som meiner at fleire forskarar burde øve seg på å skrive forståeleg, særleg i ei tid då det meste av artiklar og søknadar vert skrivne på engelsk.

–Me gløymer norsken og å lage nye norske omgrep, utdjupar han på telefon til Framtida.

Han er ikkje sikker på kva innlegg som er mest lese, då statistikken forsvann då han skifta til WordPress-plattforma etter at Opera vart nedlagt. Men lesartala er aukande.

–Eg hugsar at eit innlegg som eg kalla «Asfalt, sprit og gummi»som handla om råning vart veldig populært. Det må ha reist på ei slags delingsbylje på dei sosiale media og kanskje sat rånarane kring om på asfaltallmenningane å surfa på bloggen min på mobile plattformer, spekulerer sunnmøringen.

Dei kjekkaste tilbakemeldingane han får er når vanlege folk fortel at han har røyvd ved noko som vedkjem dei. Det siste blogginnlegget om kombinasjonsbondener eit slikt innlegg.

Sjekk ut andre gode nynorske bloggar her.

Bygdeidyll
Bygdeforskaren trur på meininga med å produsere kunnskap som kan bidra til å halde landet i hevd.

–Det var far min som lærte meg at det ein har skal ein ta vare på, forklarar han.

Sjølv om han har flytta frå bygd til by har han stadig det rurale i tankane. Han meiner at norske bygder har høg status i den norske offentlegheit.

–Mest heile vår norskheit er tufta på det rurale og bygdene er ofte positivt portrettert i media så vel som i dei literære salongane i hovudstaden. Norske bygder har ein formidabel ressurs i bygdebefolkninga. Norske bygdefolk er oppvakte, velutdanna, kloke og reflekterte. Me har gjennomgåande mindre sosiale skilnadar mellom by og bygd i Noreg enn i mange av dei landa me kan samanliknast med og der ligg også noko av kjernen i den enorme verdiskapinga som skjer i distrikts-Noreg, trur bloggaren.

Likevel er det ei bygdefelle bygdeforskaren meiner me nordmenn kan gå i:

–Det er ein tendens til å idyllisere bygda. Denne idylliseringa kan ha sin pris, åtvarar Bjørn Egil.

Tips oss om gode nynorske bloggar på tips@framtida.no.

Faktaboks

 Verdas beste nynorske blogg

• Kvar veke ut 2014 kårar Framtida, i samarbeid med Noregs Mållag og Norsk målungdom vekas nynorske blogg.

• Når året er omme vil ein av desse kunne smykke seg med tittelen «Verdas beste nynorske blogg» og få ein pengepremie på 10.000 kroner.

• I juryen sit Synnøve Marie Sætre (Norsk målungdom), Kjartan Helleve (Noregs Mållag) og Svein Olav Langåker (redaktør i Framtida)

• Publikum kan nominere bloggar så lenge kåringa føregår.