Kuttar nye 100 millionar i Polaris Media

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleire aviser må kutte

Tidlegare denne veka skreiv me om at nynorsken sin posisjon i media kan vera trua, etter store nedskjæringar i blant anna Amedia. I dag sendte Polaris Media ut ei pressemelding der dei varsla kutt på nye 100 millionar kroner, på toppen av kutt som allereie er varsla.

Til saman blir kutta på 175 millionar kroner ifølgje pressemeldinga, som vil kunne føra til nedskjæringar i fleire nynorskaviser på Nordvestlandet.

LES OGSÅ: Får nynorskavisene svi?

Kan ikkje tenkja på konsernnivå.

Blant avisene som ligg under Polaris Nordvestlandet er Sunnmørsposten, Sunnmøringen, Fjordenes Tidende, Fjordingen og Møre-Nytt. Du kan sjå heile lista i faktaboksen.

Trass i at pressemeldinga som kom i dag inneberer nær ei dobling i dei allereie varsla kutta i Polaris Media, tek Rune Sæbønes, redaktør i Møre-Nytt nyheita med fatning.

LES OGSÅ: Ber høgre stoppe pressekutt

– Me har ingen umiddelbar reaksjon, utanom at me frå før er i ein omstillingsprosess. Reaksjonen er vel at me uansett må jobba for å få inntekter som gjer at me kan levera eit godt produkt på papir og nett, seier Sæbønes.

– Er de bekymra for å måtte kutta stillingar i Møre-Nytt no?

– Me tenkjer ikkje på kutta. Me tenkjer på at me skal levera, og kan ikkje tenkja på konsernnivå.

Sæbønes legg og til at sjølv om Møre-Nytt hadde eit dårleg år i fjor, ser det ut til at dei får eit betre år i år.

LES OGSÅ: – Ikkje plass til to aviser i Nordhordland

Krise for journalistikken

Då me skreiv om aviskutt tidlegare denne veka, var leiar i Norsk Journalistlag i Sogn og Fjordane, Geir Bjarte Hjetland, svært bekymra for situasjonen.

– Det er dramatisk at avisene no må kutta i det dei ikkje skulle kutta i, nemleg journalistikken. Ikkje minst journalistar som skriv nynorsk. Det er trasig at redaksjonar som har bygd seg opp over fleire år no må betala så mykje til store konsern for å få lov til å overleva, sa Hjetland då.

Til E24 seier konsernsjef i Polaris, Per Axel Koch, at det endå ikkje er bestet kor mange som må gå, verken totalt eller for enkelte mediehus.

Faktaboks

Fakta:

Grunna dårlege annonseinntekter varslar fleire mediekonsern kutt.

Amedia må kutta 500 millionar kroner, og no varslar Polaris media at dei kuttar til saman mellom 220 og 235 millionar kroner.

Under Polaris Media Norvestlandet ligg avisene Sunnmørsposten, Romsdals budstikke, Sunnøringen, Åndalsnes Avis, Driva, Fjordenes Tidende, Fjordingen, Vikebladet, Møre-Nytt og Herøynytt.

Det er ikkje bestemt korleis kutta blir fordelt.