Skodespelar Gard Godøy Spange er fødd og oppvaksen i Oslo, men nyttar tysnesdialekta både privat og på scena.

– Då eg var seks eller sju år hugsar eg at far min sa at: «No som du byrjar på skulen er det vel på tide at du byrjar å snakke austnorsk.» Då sa eg at: «Det gjer eg som eg vil med.» Eg bestemte meg då for å snakka tysnesing, fortel Gard Godøy Spange.

LES OGSÅ: – Frigjerande å skriva på dialekt

Første skuledag
Å snakka tysnesing i seg sjølv er ikkje så veldig sjokkerande. Dei fleste i Tysnes gjer det. Men når Gard får spørsmål om kvar han er frå, svarar han som sant er: «Fødd og oppvaksen på Majorstuen i Oslo.»

Det er nesten så folk ikkje trur han når han seier det. Men trass i at han alltid får spørsmål, har han tvihaldt på dialekten, ja, til og med vorte meir tysnesing med åra. Som liten sa han ikke, no er det ikkje.

29-åringen har far frå Notodden, medan mora Elisabeth Godøy kjem frå Tysnes, der ho driv sommargalleriet Galleri Elisabeth G.

Familien har òg bygd seg hus på Tysnes, men Gard, som er eineborn, har altså aldri sjølv budd i kommunen. Til gjengjeld har han hatt mange fine somrar der. No gler han seg allereie til å kome attende til Tysnes og berre vere på sjøen og fiske. Og så Tysnesfest, sjølvsagt. Gard er imponert over dugnadsanden i bygda.

LES OGSÅ: SMS-dialekt kan truga nynorsken

Finnast fleire
Sjølv har han aldri møtt nokon andre som har ei dialekt frå ein stad dei aldri har budd.

– Eg skjønar det nesten ikkje sjølv ein gong, smilar han.

Dialektforskar Ann-Kristin Molde ved Universitetet i Bergen har høyrt om liknande tilfelle. Hovudsakleg austlandsktalande, men òg personar med andre dialektar, som snakkar ei dialekt frå ein stad dei aldri har budd. 

– Fenomenet ser ikkje ut til å vere så vanleg, men det er ikkje vanskeleg  å finne døme, så det er nok til saman ein god del i Noreg som har  dialektar frå stader der dei aldri har budd, skriv Molde i ein epost til Framtida.

Ho arbeider med ei doktoravhandling på dialektvalet til vidaregåandeelevar i Bergen, både dei som hadde budd der heile livet og innflyttarar. Der fann ho at dei fleste barn byter  
dialekt etter flytting, til dels med unntak av austlandstalande born. I tillegg hadde ein del av borna som alltid hadde budd i Bergen, innflyttarforeldre som hadde påverka dialekta deira.

– Det ser ut til at ein del av dei snakka meir som foreldra då dei var små, men at det så har gått heilt over til bergensk, skriv Molde i ein epost til Framtida.

LES OGSÅ: NRK får skryt for meir nynorsk og dialekt

Vanlegare aust til vest
Men blant dei 284 informantane hennar dukka det òg opp ein person som snakka austlandsk utan å nokon gong ha budd på  Austlandet. Både guten og veslesyster hans hadde byrja å snakke som faren i ung alder.

– Det som er litt spesielt i dette tilfellet er at det er snakk om ei dialekt frå ein liten stad på Vestlandet i sjølvaste hovudstaden. Hovudtendensen ser ut til å være motsett, det vil seie at ein person med austlandsk bakgrunn har ei visst sannsynlegheit for å halde på dialekta etter flytting eller få dialekta berre frå foreldra, forklarar Molde.

Ho trur at sommarferiane i dette tilfellet kan vere ein medverkande faktor til dialektvalet, som stammar frå mor. Aksept frå andre barn kan òg vere viktig for at ein vel å halde på ei anna dialekt enn majoriteten der ein bur.

Nyare undersøkingar syner at det i hovudsak er positive haldningar til dialektbruk i Noreg, men det er samstundes ganske klare stereotypiar knytt til ulike dialektar og dialektbrukarar. Molde nemner austlendingar, bergensarar og trøndarar som døme.

LES OGSÅ: Ei kald skulder frå Disney

Saka fortset under biletet.


Gard Godøy Spange kjem nær karakteren med eiga dialekt. Foto: Stephen Hutton 

“Høno” på skulen
Framtida møter den nyutdanna skodespelaren i Sofienbergparken i bydelen Grünerløkka, der han no bur. Gard medgjev at ein vert litt annleis som einaste tysnesing på Majorstua skule.

– Klart det har vore litt motgang med tysnesdialekt. Eg vart kalla høno, fordi eg kakla og hadde dialekt. Ungar kan jo vere litt slemme, men det var aldri noko stort problem, forklarar han.

Ein skulle kanskje tru det, men i skuleåra gav ikkje dialekten han ein automatisk fordel i sidemål, som for han er nynorsk. Han skreiv slik han snakka og fekk karakteren to.

Men det som på barneskulen ikkje var det aller tøffaste, er no vorte ein kjempefordel. Gard får stadig kompliment for dialekten si.

– Dialekt er eit rikt scenespråk, meiner skodespelaren.

LES OGSÅ: Dette er Noregs mest sexy dialekt

– Eg føler med han
Nyleg spelte Gard avgangsførestillinga si på teaterhøgskulen på kav tysnesing. Dostojevskij sin «Kjellermennesket»i vestlandsk språkdrakt.  

– Eg har spelt på austnorsk òg, då er det lettare å få distanse til rolla. Når eg snakkar tysnesing kjem eg nærare karakteren. Så tykkjer eg det er kjekt å syne fram dialekten, fortel Gard, som har arbeidd med stykket sidan påske.

Då vert det mykje grubling på tysnesdialekt.

– Det er krevjande og tungt stoff og kjennes nesten som eit break-up. Ein vert veldig nær tankane til karakteren. No er det på tide å leggje kjellarmannen bak meg, seier han, og tek eit drag av sigaretten.
Det kan sikkert vere like greitt, for kjellarmannen er ikkje akkurat eit sunt menneskje. Han har budd i ein kjellar i 20 år og ber på mange vonde kjensler.

– Eg føler med han, men han er jo heilt forferdeleg, seier Gard.

LES OGSÅ: Ut av dokkeskapet

I kjellaren
Etter ein kort, men intens speleperiode med opptil tre førestillingar – som nesten er ein monolog på over ein time – er han no ferdig med si andre bachelorgrad innan scenekunst. Frå før av har han musikalutdanning frå Bårdarakademiet.

Men utdanninga ved den høgt akta Teaterhøgskolen er ikkje berre ein dans på roser.

– Skal eg vere heilt ærleg så har det vore tøft. I midten av andre klasse fekk eg ein knekk og måtte ta permisjon, fortel Gard, som var usikker på om han ville greie å fullføre det studiet han hadde drøymt om å kome inn på i fem år.

– Eg var kanskje litt naiv. Plutseleg skal ein ta stilling til seg sjølv og eigne tankar. Ein vert litt sjølvoppteken, anten ein vil det eller ikkje. Gjennom utdanninga vert ein kjent med seg sjølv. Det vart ein brutal sjølvanalyse som eg har lært mykje av.

Men fullføre greidde han, sjølv om han ikkje fekk vere med på avgangsførestillinga med dei åtte klassekameratane. I staden fekk han god oppfølging og regi av Terje Strømdahl. I stykket, som er bearbeidd av Jesper Halle, stod avgangsstudenten mykje åleine på scena, men har òg med seg Nasrin Khusrawi. Gard har fått mykje scenetid, merksemd og skryt i det siste.

Dialektmodell
Det er ikkje fritt for at osloguten med tysnesdialekta har vorte meir medveten på språket sitt med åra og utdanninga. Han har ikkje den same påverknaden frå bergensk, som ein kan høyre hjå nokre ungdommar på Tysnes, ei utvikling han tykkjer er litt trist. Sjølv likar han dei gamle dialektorda som adle og bakkjen. Han jobbar stadig med å betre dialekta si.

På Teaterhøgskolen har dei mellom anna dialektovergang som eit eige fag. Då er dei dialektmodellar for kvarandre. Språkprøve vert spelt inn og dei som ikkje snakkar oslomål øver seg på det, medan austlendingane øver seg på ei anna dialekt.

– Eg har tre andre i klassen som snakkar tysnesing, det er eg ganske stolt over, smiler Gard.

Det heile toppar seg i “helvetesveka”, då må dei snakke ei anna dialekt 24-7 ei heil veke. Sjølv måtte han snakke austlandsk, noko ein skulle tru var ei smal sak, men sjølv om han har eit godt øyre for det, er det ei utfordring. Han må øva på r’ane.

LES OGSÅ: Fleire unge på Det Norske Teatret

Dialektdraum
No er altså skodespelarutdanninga ferdig og scenelivet ventar. Gard har søkt jobbar på dei fleste teatera i Noreg. Kvar han vil og kva rolle han drøymer om veit han ikkje, men dialekta tek han med seg.

– Det Norske Teatret frontar jo nynorsk og dialektar, så det hadde vore kjekt å breia seg med tysnesmålet der, avsluttar den nyutdanna skodespelaren med den usannsynlege dialekta.


Avgangsførestillinga til skodespelaren er nesten ein monolog. Foto: Stephen Hutton

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.52

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE