Regjeringa lyttar til Stortinget og vil neste år utarbeide ein eigen strategi for ungdomshelse. Blant anna skal prevensjon bli meir tilgjengeleg.

NPK-NTB
NPK-NTB

– God helse er grunnleggjande for barn og ungdom, og det er viktig at vi har ei helseteneste som møter behova til dei unge. Regjeringa vil difor utarbeide ein eigen ungdomshelsestrategi. Vi ønskjer også å gjere prevensjon lettare tilgjengeleg for ungdom, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie (H).

Blant anna ønskjer regjeringa at fleire enn berre legar skal kunne rekvirere langtidsverkande prevensjon til ungdom.

– Det er viktig med eit godt lågterskeltilbod til ungdom og at dei har lett tilgang på prevensjon. Regjeringa vil difor vurdere å utvide rekvisisjonsretten for langtidsverkande prevensjon til også å gjelde jordmødrer og helsesøstrer, seier Høie.

I den nye ungdomsstrategien vil heile spekteret av utfordringar knytt til ungdomshelse bli berørt. Dette gjeld også seksuell helse.

Både Stortinget og ulike brukarorganisasjonar, blant anna Unge funksjonshemma, har etterspurt ein slik strategi. Helse- og omsorgsdepartementet lovar no å følgje opp initiativet.

Ungdomshelsestrategien blir lagt fram i ei stortingsmelding som regjeringa fremmar i 2015. Målet er ein høyringsrunde i haust og innføring av den nye strategien i første halvår neste år. (©NPK)

LES OGSÅ: Vil ha gratis spiral til alle under 25 år

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.52

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE