– Tiggeforbodet er avskyeleg

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me vil syna at me tykkjer tiggeforbodet er avskyeleg, seier Jonatan Ekblad Aagård (23), som ikkje har noko til overs for at politikarane vil forby noko som er ubehageleg for folk å sjå.

– Det verkar som om målet er reinse byen – eg veit det høyres fælt ut, og det er det det òg – for alt som ikkje er pent å sjå på, med andre ord svake menneskjer.

LES OGSÅ: Politiet går hardt ut mot tiggeforslag

– Ekkelt og usmakeleg
Jonatan bur sjølv ved Sognsvann i Oslo, der mange rumenske tiggarar oppheld seg og gjentekne gongar har vorte kasta vekk. Jonatan trur ikkje at eit tiggeforbod vil føre til færre tiggarar, men heller tvinge folk til meir lyssky aktivitetar for å skaffe pengar.

Kameraten Werner Fresvig (16) peikar på at politiet ikkje bør bruke ressursar på å fjerne folk som sit med ein kopp. Han tykkjer forbodet vitnar om arroganse.

– Ein skal døme eit samfunn ut ifrå korleis dei behandlar sine svakaste, seier Werner, som kallar forbodet ”ekkelt og usmakeleg”.

Dei to gutane sit litt bortanfor det som truleg er den største samlinga av "tiggarar" som har vore i Oslo.

LES OGSÅ: Opnar for kommunale tiggeforbod 

Saka fortset under biletet.


F.v. Julia Sandstø (17), Matias Moltzau (16) og nestleiar i KrFU Ida Lindtveit tigger i solidaritet. 

Ein smak av tigging
Førre veke fekk regjeringa ved hjelp av Senterpartiet gjennom ei ordning som opnar for at kommunane kan forby tigging  – i påvente av eit nasjonalt forbod neste år. Eit vedtak som fekk leiarene i Unge Venstre og KrFU til å setje seg ned i Karl Johan å tigge i protest.  Denne gongen hadde desse ungdomspartia fått selskap av AUF, Grøn Ungdom og SU, samt eit heilt lass med ”tiggarar”. Desse tigga i protest medan bystyret diskuterte om Oslo skal innføra eit tiggeforbod.

– Det er hardt å sitje på betongen, men me sit her jo berre ein time medan folk gjer dette kvar einaste dag, seier nestleiar i KrFU Ida Lindtveit (21).

Saman med partifelle Julia Sandstø (17) og Matias Moltzau (16) møtte ho opp for å vise solidaritet med tiggarane og syne at dei er imot tiggeforbodet.

– Me får mange rare blikk, men det får jo tiggarane òg, seier Julia, som tykkjer det er vanskeleg å setje seg inn i situasjonen deira.

Litt- eller totalforbod
I skrivande stund har over 4700 skrive under på internett- oppropet #stopptiggeforbudet.

I dag vert to ulike forslag om tiggeforbod behandla i Oslo bystyre. Framstegspartiet vil ha totalforbod, medan Arbeiderpartiet har henta fram att sitt forslag frå i fjor om eit avgrensa forbod i bykjernen.

Arbeidarpartiet foreslår tiggeforbod på og ved all kollektivtrafikk, utanfor kjøpesenter og ved private bustadar. Organisasjonar registrert i frivilligheitsregisteret og innsamlingsregisteret, samt personar under 18 år, vert ikkje råka av forbodet deira.

I tillegg foreslår dei å avgrensa tiggeforbodet til perioden 1. mai til 1. oktober.

Tanken var at kommunale tiggeforbod skulle kunne tre i kraft allereie frå 1. juli i år, men ifølgje NRK vil det ikkje kunne bli forbode med tigging i Oslo før tidlegast neste år.

Saka fortset under biletet.


Talsperson i Grøn Ungdom Lage Nøst og Unge Venstre-leiar Tord Hustveit har lite til over for tiggeforbodet.

"Renovasjonsparagraf"
Protesttiggarane fekk ikkje opphalde seg på Rådhusplassen, men samla seg rett nedanfor, der ungdomspartileiarane haldt appellar. AUF oppmoda alle kommunar til å stemme imot tiggeforbodet.

Nicholas Wilkinson, som er innstilt som ny leiar i Sosialistisk Ungdom, kalla forslaget ein renovasjonsparagraf.

– Det handlar om at Høgre vil vaske gatene reine for det dei ikkje likar. Det er eit svik mot dei som har minst, seier SU-aren.

Unge Venstre-leiar Tord Hustveit og KrFU-leiar Emil André Erstad fekk inn 16 kroner då dei protesttigga førre veke. No har dei sett seg ned igjen.

– Det handlar om å ta til orde mot eit forbod som strider mot ytringsfridommen, seier Hustveit, som meiner det ikkje skal vere ulovleg å be om hjelp.

Ungdomspolitikaren peikar på at det i Austerrike vart konkludert med at eit tiggeforbod strider mot menneskerettane, og er spent på kva konklusjonen om det norske forbodet vert.

– Det er diskriminering
Lage Nøst i Grøn Ungdom meiner det er påfallande at regjeringa no har opna for å på nytt innføra eit forbod som vart oppheva i 2005.

– Det er så openbart mynta på ei sosial og etnisk gruppe. Det er diskriminering, meiner Nøst, og snakkar då om dei rumenske tiggarane. Han er ikkje i tvil om at forslaget strider mot menneskerettane.