Vil unngå «trynefaktor»-karakterar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil unngå «trynefaktor»

RADØY:Verken rektor, kommunalsjefen eller kommunestyret synes anonym retting er ein god ide.

David Pletten Aasgard (KrF) ønskjer at Radøy kommune skal innføra ei prøveordning der anonym retting av heildagsprøver blir gjennomført i 10. klasse. Torsdag fekk han svar frå ordføraren som har konferert med faginstansene.

LES OGSÅ: «Det var ikkje kult å bli mobba verken for storleik eller religion»

– Med dagens mangel på kvalifiserte lærarar er det viktig å snakka opp læraryrket og ikkje ned. Er det noko som trengst no, er det å visa lærarane at politikarane har tillit til at dei kan faget sitt, seier ordførar Jon Askeland. Han meiner anonym retting kan oppfattast som ei mistenkeliggjering av lærarane og manglande tillit til deira bedømming av elevane.

Viktig kunnskap

Askeland viser til at Aasgard meiner det er eit viktig poeng at læraren ikkje skal kjenna eleven godt, og at forslaget stiller eit alvorleg spørsmål ved objektiviteten til læraren.

– Dette kan oppfattast som eit tydeleg signal på at eleven ikkje kan stole på at faglærer følgjer ein personnøytral vurderingspraksis. Bruk av anonyme prøvar kan føre til at faglærar misser oversyn over den faglege utviklinga til eleven, noko som i neste omgang går ut over læringa, seier han.

LES OGSÅ: Slutter med anonym retting

Ordføraren meiner stor skilnad mellom standpunkt og eksamenskarakter i matematikk ikkje lar seg forklara eller løysa med anonym retting.

– Løysinga på denne utfordringa finn ein mellom anna i utviklingsplanen for grunnskulen i Radøy, der vurdering for læring er eit prioritert område den kommande 4- års perioden, seier Askeland.

– Lytt til ungdomane

– Ordføraren må ha misforstått heile forslaget frå KrF, for vi har aldri stilt mistillit til lærarane. Vi foreslår at heildagsprøvene i 10. klasse blir retta anonymt, ikkje alle prøver i året. Det vil sei at læraren får bli kjent med eleven gjennom heile åttande, niande og heile tiandeklasse, minus heildagsprøvene to gonger i året, seier Aasgard.

LES OGSÅ: MC-førar omkom i ulykke

Han seier dette er noko som ungdomane ønskjer, og meiner ein må lytta på dei.

– Her kan vi gje læraren ein reiskap der han to gonger i året får testa eigne faglege vurderin-gar opp mot anonym retting, seier han.

– Då slepp ein oppleva at lærarane blir kritiserte for å gi trynefaktor-karakterar, seier Aasgard. Forslaget vart tatt opp til røysting og fall med 9 (1 KrF, 5H og 3Frp) mot 16 røyster.

LES OGSÅ: Oppfordrer til sivil ulydighet

Saka var først publisert i Nordhordland.