(NPK-NTB): Q-Meieriene går til søksmål mot det Tine-eigde meieriet Fjordland for å ha kopiert eit beger.

(NPK-NTB)
(NPK-NTB)

Q-Meieriene står bak sitt eige produkt Skyr. Skyr-namnet og designen er verna, men Q-Meieriene har ikkje verna sjølve begeret. Fjordland sel yoghurten Yoplait Double 0 % som kom på marknaden med nytt beger 1. mai. Q-Meieriene meiner begeret til Fjordland er ein kopi av Skyr-begeret, skriv Dagens Næringsliv.Q-Meieriene meiner å kunna bevisa at Fjordland har brote reglane om etterlikning og god forretningsskikk i marknadsføringslova.

– Vi har lagt ned ein unik eigeninnsats for å få fram Skyr og dette begeret og har klart å skaffa oss ein posisjon i marknaden. Så kopierer Fjordland oss og lanserer ein klar dobbeltgjengar. Forvekslingsfaren er stor, og dette er veldig kjipt, seier sjef for Q-Meieriene Bent Myrdahl.

LES OGSÅ: Fleire kan bli alvorleg sjuke av importert mat

– Ikkje vore i nærleiken

Styreleiar i Q-Meieriene og eigaren av Q-Meieriene Kavli Norge-sjef Karl Johan Ingvaldsen meiner Fjordland har snylta. Han samanliknar det med at nokon har teke ei Zalo-flaske og fylt henne med eit anna oppvaskmiddel. Fjordland avviser kontant påstandane om å ha snylta på konkurrenten.

– Det er utruleg trist at Q-Meieriene ønskjer å gå til retten med denne saka. Vi har ikkje vore i nærleiken av å kopiera Q-Meieriene, seier Fjordland-sjef André Goebel.

Han legg til at Fjordland ikkje har kopiert Skyr-begeret til Q-Meieriene på noko vis og kallar påstanden heilt urimeleg. (©NPK)

LES OGSÅ: Her er Noregs nasjonalrett!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.52

LES OGSÅ

ANNONSE