Sp vil ikkje stoppa scooterforsøk
Sivilombodsmannen har stempla forsøksordninga med snøscooterkøyring som lovstridig, men Senterpartiet åtvarar regjeringa mot full retrett.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Forsøksordninga bør ikkje avskaffast før ein permanent lov er på plass. Han bør sikra at kommunane sjølve får vedtaksmakt når det gjeld motorferdsel i utmark, seier parlamentarisk leiar i Senterpartiet, Marit Arnstad, til NTB.
LES OGSÅ: DNT ut mot snøscooter-politikk
– Ser dei problematiske sidene
Energi- og miljøkomiteen på stortinget handsamar no eit forslag frå Arbeidarpartiet og Venstre om å stoppa scooterforsøket. Det vil ikkje få støtte frå Sp.
– Me ser dei problematiske sidene ved forsøksordninga. Regjeringa må gjerne sjå på omfanget, men å stoppa forsøket vil berre bidra til å gjera ting uklart. I staden må stortinget så raskt som mogleg få eit lovforslag til handsaming som sikrar at avgjerdene skal takast lokalt, seier Arnstad.
LES OGSÅ: – Skuterrapport vert misbrukt
Ny vurdering
Sivilombodsmannen konkluderte torsdag med at forsøksordninga i 108 kommunar er altfor omfattande og i strid med forsøkslova. Ombodsmannen bed regjeringa gjera ei ny vurdering av ordninga, som tidlegare omfatta 40 kommunar.
Klima- og miljøminister Tine Sundtoft (H) har ikkje bestemt seg for korleis avgjerda frå Sivilombodsmannen skal følgjast opp. (©NPK)