Kontrollkomiteen på Stortinget meiner Liv Signe Navarsete ikkje handla feil i saka om ny E16-trasé i Lærdal.

Sogn Avis
Sogn Avis

Det kjem fram i innstilinga frå komiteen i forkant av at saka skal behandlast i Stortinget torsdag, skriv NRK Sogn og Fjordane.

Les innstillinga til komiteen på Stortinget sine nettsider.

Vekk frå bustaden?
Kontroll- og konstitusjonskomiteen vedtok i møte 4. mars i år å førebu ei eiga sak til Stortinget om val av ny trasé for E16 gjennom Lærdal og korvidt avgjerda om vegvalet vart gjort etter at dåverande kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete hadde vore i kontakt med dåverande miljøvernminister Bård Vegar Solhjell om saka.

Dette vart breitt omtalt i media i vinter, der mellom anna stortingsrepresentant Abid Raja (V) var kritisk til at Navarsete tok kontakt med Solhjell, som skulle behandla saka. Ein tunnelløysing ville gjera at E16 ville gå lenger borte frå bustaden til Navarsete.

Avgjort torsdag
Fleirtalet i kontrollkomiteen meiner at korkje Navarsete eller tidlegare statsråd Solhjell har brote lovbestemmelsar eller vedtak gjort av Stortinget. "De nevnte statsråder er således ikke å bebreide", heiter det i innstillinga.

Les ogsåFekk vegen flytta

Stortinget handsamar saka om ny E16-trasé 19. Juni

Saka var først publisert i Sogn Avis. 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.52

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE