Politikarar tiggar i protest

Leiarane i Unge Venstre og KrFU seier nei til å forby menneske i naud å be om hjelp.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Regjeringa og Senterpartiet gjekk i går inn for at kommunane skal kunne forby tigging viss dei ynskjer det. Unge Venstre og KrFU seier heilt klart nei til tiggarforbod, og vil ikkje forby menneske i naud å be om hjelp.

I dag sette leiarane i Unge Venstre og KrFU seg ned på Karl Johan med eit tiggarkrus.

– Me sat der i 1,5 time cirka. Det var veldig varmt i solsteiken, men me hadde det trass alt ganske fint, seier Emil Andre Erstad (KrFU).

– Verken forbod eller likegyldigheit hjelper tiggarane. Målet må vera at me gir desse menneska eit alternativ til tigging. Det kan vera hjelpetiltak i heimlandet, arbeid eller utdanning. Men eit forbod gjer berre situasjonen verre, seier han til Framtida.no.

LES OGSÅ: Ingen “tiggar-invasjon”

– Flautt
Unge Venstre-leiar Tord Hustveit synest tiggeforbodet er flautt:

– Tigging er ikkje berre å be om hjelp for å overleva. Det er òg ei viktig ytring, og for mange den einaste høvet til å ytre seg i det offentlege rom. Det er trist at me som storsamfunn vil leggja ein så stor avgrensing på ytringsfridomen til dei som slit mest. Korleis skal det hjelpa dei som slit det mest å forby dei å be om hjelp? spør han i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Folk på bygda mest skeptiske til tigging

Åtvarar mot stygge debattar

Ungdomspartileiarane vil følgja saka vidare, og sjå kva som skjer.

– Det kan bli mange stygge debattar i kommunane, men me vil kjempa mot forbod både nasjonalt og lokalt. Og me er spent på korleis det nasjonale forbodet vil utformast. Det skal mykje til for at ein oppnår eit forbod mot tigging utan å gå i mot sentrale menneskerettar som ytringsfridomen. I så fall kan saka hamna i Strasbourg. I USA vart forbod mot tigging dømt i strid med ytringsfridomen, fortel Emil André Erstad.

Og kva var resultatet av tigginga til ungdomspartileiarane?

– Me fekk 16 kroner i koppen, og desse vart donert til ein tiggar. Vårt mål var ikkje å tene pengar, og det skjønte nok dei fleste. Dei som gav oss pengar gjorde det nok fordi dei støtta aksjonen vår, seier KrFU-leiaren.

Kva synest du? Er det rett å forby tigging? Diskutér i kommentarfeltet!