USA og Kina er klimaverstingar

Kina er på veg til å ta att USA, som har hatt størst utslepp av klimagassar over tid.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her er klimaverstingane

Resten av verda er i ferd med å ta att Vesten, når det kjem til klimautslepp, synar ei kanadisk studie gjennomført av forskarar ved Concordia University i Montreal.

LES OGSÅ: Frå 50 til 95 prosent sikkerheit

Fart i Kina
USA tronar framleis på toppen, og har skuld i rundt 20 prosent av den globale oppvarminga – som svarar til ei temperaturauke på 0,15 grader celsius.

På trugande andre- og tredjeplass kjem Kina og Russland, dei har skuld i tilsaman 16 prosent av den globale oppvarminga. Dette til tross for at industrialiseringa kom seint i gang i Kina, som er på full fart framover.

I tillegg er land som Brasil og India òg på veg mot utsleppstoppen. Desse ligg no på fjerde- og femteplass, med sju prosent av utsleppa kvar.

– Det er overraskande å sjå utviklingsland så høgt på lista, seier Damon Matthews, som har leia undersøkinga, ifølgje NTB.

På sjette-, sjuande- og åttandeplass finn ein store europeiske industriland som Tyskland, Storbritannia og Frankrike.