Regjeringa og kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) har fått fleirtal på Stortinget for ei hasteinnføring av ei dispensasjonsordning for privatskular, noko som gir rom for å starte opp skular utan eit alternativt pedagogisk eller religiøst grunnlag til neste år utan å vente på den nye privatskulelova, skriv Klassekampen.
Men stortingsfleirtalet sørgde for å få med eit viktig atterhald som gir den aktuelle vertskommunen eller vertsfylket høve til å gå mot ei slik godkjenning.
– Dette er ei kraftig innstramming av framlegget frå Røe Isaksen, meiner Trond Giske i Arbeidarpartiet.
Han trur at den lokale vetoretten vil gjere at fleire av dei nye privatskulane kjem til å søkje forgjeves.
– I kommunane veit ein jo at kvar krone som går til dei private skulane, blir henta frå det kommunale skulebudsjettet, seier Giske.
Kunnskapsministeren sjølv er ikkje einig i den konklusjonen.
– Vi lever heilt fint med denne merknaden frå fleirtalet av KrF, Venstre, Høgre og Frp.
Røe Isaksen strekar under at det heile tida har vore tanken at dispensasjonsordninga skulle vere snever. (©NPK)