Etter at byane dei siste åra har hatt mykje av turisttrafikken, er det no ting som tyder på at turistane vil meir ut i distrikta.

NPK- Margunn Sundfjord
NPK- Margunn Sundfjord

– I nokre år har det vore mykje søkjelys på byane, men det verkar som om folk no er litt meir villige til å reisa innover i fjordane att, seier reiselivsdirektør Per-Arne Tuftin i Innovasjon Noreg til Nynorsk pressekontor.

Han peikar på at turistnæringa i distrikta i fjor hadde den største omsetnaden. Frå mai til desember la utanlandske turistar att rundt 42 milliardar kroner her i landet.

– Av dette var 22 milliardar kroner i distriktet og 20 milliardar i byane, så det blir lagt att svært mykje pengar i distrikta, seier Tuftin.

Trur på god sommar
I år håpar reiselivsaktørane at endå fleire turistar vil feriera i Noreg enn i fjor, då talet på hotellgjestedøgn gjekk ned med to prosent.

– Heile 50 prosent av dei spurde ventar at det skal bli betre i år enn i fjor, sa Tuftin då han torsdag presenterte turistbarometeret for sommaren. Undersøkinga byggjer på svar frå 148 turoperatørar, overnattingsbedrifter, lokale turistkontor og andre representantar frå reiselivsnæringa i inn- og utland.

Tyske og nederlandske turistar er særleg viktige for Noreg, og også der er optimismen stor i år. Det same gjeld responsen frå den amerikanske turistnæringa.

Mykje pengar – lite tid
Dei fleste utanlandske turistane som kjem til Noreg er pengesterke personar som vil oppleva mykje på kort tid. Ikkje minst vil dei ut i naturen. Men sightseeing og det å besøkja museum og historiske bygningar er nesten like populært, går det fram at turistundersøkinga til Innovasjon Noreg.

Kor mykje pengar turistane legg att varierer mykje frå land til land, men pengesterke turistar frå Asia er mellom dei som brukar mest pengar.

– 10 til 15 prosent av befolkninga i Søraust-Asia og Brasil høyrer til den øvre mellomklassa og betaler 5 – 6.000 dollar (30-36.000 kroner) for å koma til Noreg. Transport og overnatting står for rundt halvparten av dette, men dei legg likevel att mykje pengar, seier Tuftin, som meiner det er viktig at Noreg også har eit tilbod til shoppinglade turistar.

Naturbasert turisme tek av
Norsk natur er likevel det viktigaste for utanlandske turistar. Dei vil ikkje berre sjå naturen gjennom eit bussvindauge, men ta aktivt del i opplevinga. Det har ført til eit oppsving for såkalla naturbasert reiseliv.

– Det finst rundt mellom 2.000 og 3.000 bedrifter slike bedrifter i Noreg. Dette er små bedrifter med ein til tre tilsette, som har hatt ei positiv utvikling med auka omsetnad, seier Tuftin.

Han fortel at dei naturbaserte reiselivsbedriftene i snitt omsette for ein million kroner i fjor, men ser ikkje bort frå at omsetnaden på sikt kan doblast.

– Tenk kreativt
– Det ligg eit potensial til å auka omsetnaden, seier reiselivsdirektøren. Han meiner næringa kan bli endå flinkare til å utvikla naturbaserte aktivitetar turistane vil betala for.

– Vi veit at utanlandske turistar ønskjer aktivitetar, og ut frå undersøkingane våre meiner vi at det bør vera potensial til å henta ut meir frå kvar einskild gjest.

Han strekar under at aktivitetane ikkje treng vera så avanserte.

– Det handlar om å sjå moglegheitene. Det kan til dømes dreia seg om å ha syklar til utleige og tilby opplæring i stisykling.

Reiselivsdirektøren meiner næringa også må flinkare til å informera nordmenn om kva dei kan oppleva i sitt eige land. Han trur ei av årsakene til at nordmenn seier dei berre vil slappa av når dei ferierer i Noreg, er at dei ikkje kjenner til kva tilbod som finst.

– Å vera til stades på nettet er difor svært viktig, understrekar reiselivsdirektøren, som håpar at nordmenn etter kvart vil leggja att ein større del av reisebudsjettet i eige land. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.52

LES OGSÅ

ANNONSE