Vil ha lange vogntog på vegane

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

25 meter vogntog på norske vegar

– Det har vore ei prøveordning i fem år på utvalde vegstrekningar, og det har ikkje vore ei einaste ulykke knytt til modulvogntog i desse åra. Difor foreslår vi overfor Samferdselsdepartementet at ordninga blir gjort permanent, og at dei kan få køyre på det nasjonale hovudvegnettet, seier NHO-sjef Kristin Skogen Lund til VG.

Skogen Lund kallar dei lange vogntoga for «miljøtrailerar».

– Vi kutter kostnadene og utsleppa med 20 prosent, fordi det blir færre trailerar på vegane, seier ho.

LES OGSÅ: NHO-åtvarar skule-Noreg

Samferdselsministeren er positiv til ønsket frå NHO.

– Vi ønskjer å få til dette. NHO kjem ikkje til å møte motvilje, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp).

Departementet er i gang med å kartleggje kva for vegar dei lange vogntoga skal få lov å bruke.

– Vi vil vere restriktive med å la modulvogntoga bruke fylkesvegar som snarveg, men det bør likevel kartleggjast fordi det handler om tilkomst til bedrifter, seier Solvik-Olsen.

LES OGSÅ: – Miljøparagrafen er ikkje symbolsk