Innfører femårig lærarutdanning på masternivå
Regjeringa innfører femårig mastergradsutdanning for lærarar frå 2017.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Utvidar lærarutdanninga
– Me veit at gode lærarar med solid fagleg tyngde er det viktigaste for at elevane skal læra meir. Derfor vil me no styrka det faglege innhaldet i lærarutdanninga. Med ein mastergrad vil lærarane stå betre rusta til å hjelpa elevane med å utnytta heile potensialet sitt, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.
Regjeringa vil gjera om begge dei fireårige grunnskulelærarutdanningane for trinn 1-7 og 5-10 til masterutdanningar. Dermed vil alle dei store lærarutdanningane innan få år vera masterutdanningar, i tråd med regjeringserklæringa. Lektorutdanninga er allereie ei masterutdanning.
– Ei av dei viktigaste satsingane til regjeringa er å skapa ein skule som gir høve for alle, ein kunnskapsskule der elevane lærer meir. Mastergrad for alle lærarar er eit viktig tiltak for å realisera kunnskapsskulen, seier Røe Isaksen i ei pressemelding.
LES OGSÅ: Læraryrket har blitt meir populært
– Forskingsbasert
Regjeringa legg opp til at ny masterutdanning for lærarar startar hausten 2017.
– Lærarutdanningane og læraryrket i Noreg må i endå større grad bli kjenneteikna av god innsikt, forsking og utviklingsarbeid. Som masterstudentar vil framtidige lærarar få vite meir om korleis forskingsbasert kunnskap kan finnast og brukast. Med ei utdanning som legg vekt på forskingsbasert kunnskap, vil lærarane stå betre rusta til å forbetra undervisinga. Dette er ikkje berre eitt år til med den same utdanninga. Masterutdanning er forskingsbasert, seier Røe Isaksen.
Å omgjera grunnskulelærarutdanningane til integrerte masterutdanningar vil krevja nye forskrifter om rammeplanar og skjerpa kvalitetskrav til lærarutdanningane.
LES OGSÅ: Masterutdanna får jobb etter studia
Senterpartiet: – Skeptisk
Senterpartiet meiner innføringa av ein femårig masterutdanning for lærarane er ein dårlig idé.
– Me har programfesta ein fireårig utdanning slik som i dag. Dette blei innført i 2010, og første ferdige kull går ut til våren. Derfor hadde me lyst til å hausta erfaringar først, seier Anne Tingelstad Wøien til NRK.
Ho er uroa for at debatten om norsk lærarutdanning og norsk skole ofte endar i ein debatt om kvantitet framfor kvalitet.
– Me vil heller at lærarinstitusjonane får driva meir undervisingsforsking for å finna ut kva som gir høgare kvalitet i undervisinga.
Kva synest du om at lærarutdanninga blir femårig?