Vil ha slutt på «badestudium»

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

«Vitskap, menneske og samfunn», «vintersport og frikøyring», «sommaridrettar», «fysisk aktivitet og helse» og utdanning for å bli personleg trenar er nokre av emna norske studentar kan gjennomføre på Bali, i Brasil, Sør-Afrika og Alpane.

– Desse studia kan ikkje grunngjevast med kvalitet, ikkje med god internasjonalisering og det er heller ikkje god bruk av pengane til skattebetalarane. Difor må vi no sette ned foten slik at dette ikkje breier seg vidare, seier kunnskapsminister Røe Isaksen til Aftenposten.

Det er i dag i overkant av 1.000 studentar på slike studiar, som blir tilbydd av minst seks norske høgskular.

– Eg meiner desse avtalane og studia har fått utvikle seg altfor lenge utan nokon kritisk gjennomgang, seier Røe Isaksen og legg til at han ikkje meiner det er god internasjonalisering «å ta eit semester med norsk innhald på ein eksotisk badedestinasjon».

– Det er heilt sikkert at vi kjem til å påleggje høgskulane å avvikle mange av desse studia. Eg er sterkt i tvil om den faglege kvaliteten er god nok og eg har svært vanskeleg for å sjå den faglege relevansen ved ei rad av desse studia, seier Røe Isaksen. (©NPK)

Gå til temasidene våre om studiar og jobb i utlandet!