Framgang for nynorsken i Nordhordland

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Framgang i Nordhordland

For første gong på om lag 20 år ligg det an til at begge 1. klassane ved Knarvik barneskule får nynorsk som hovudmål. Det melder avisa Strilen.

Det må vera ti elevar eller meir som vel ei anna målform for å få språkdeling på eit klassetrinn på barneskulen. Denne hausten manglar det to elevar på å få bokmålsklasse.

Leiar Inger Helen Midtgård i Alversund Mållag er glad for det som no ligg an til å skje i Knarvik.

– Kor fantastisk! Slik eg opplever det, er nynorsken meir i vinden og meir stoverein enn den har vore på lenge. Ei tid var det vel slik at nynorsk var lite populært, og noko mange knyta negative assosiasjonar til, seier ho til Strilen.

Tidlegare har det ofte vore slik at bergensarar som flytta ut av Bergen, ville ha bokmål i skulen for ungane sine. Men slik er det ikkje alltid lenger.

Ifølgje tal frå Utdanningsdirektoratet, kjem det fram at talet på bokmålselevar i Nordhordland berre gjekk fram i Meland frå førre skuleår til årets skuleår – medan talet på bokmålselevar gjekk ned i Lindås, Radøy, Osterøy og Masfjorden. Talet på nynorskelevar gjekk opp i Radøy og Masfjorden.