Fann giftstoff i barneklede

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er urovekkjande at kvart tredje barneplagg vi sjekka inneheld stoff med eigenskapar som kan vere skadelege. Dette er stoff som ikkje bør finnast i barneklede, seier direktør i Forbrukarrådet Randi Flesland til Dagens Næringsliv.

LES OGSÅ: Miljøgifter kan påverke arvestoff i tre generasjonar

– Barn ekstra sårbare
Testen avslørte blant anna stoffa DBP og DEHP i ei T-skjorte frå Cubus. Stoffa er forbodne i leiker og småbarnsprodukt fordi dei kan skade evna til å få barn og gje skadar på fosteret. Dei kan også virke hormonforstyrrande. Stoffa er også oppført på EUs kandidatliste over stoff som gjev grunn til stor uro fordi dei er svært helseskadelege.

– Barn og unge er ekstra sårbare for skadelege kjemikaliar og er ikkje godt nok verna gjennom dagens regelverk, seier Flesland, som etterlyser ei meir offensiv haldning både frå norske styresmakter og bransjeaktørar.

– Det er heilt uakseptabelt at forbrukarane skal bere denne risikoen på vegner av bransjen, seier ho.

Svar på tiltale
Kommunikasjonsmanager Julie Bragli Eckhardt i Cubus seier kleskjeda vil gå gjennom testresultatet.

– Alle som produserer for Cubus pliktar å følgje våre kjemikaliekrav, og er pliktige til å gjennomføre testing under produksjonen for å sikre at dei ferdige produkta ikkje inneheld farlege kjemikaliar, skriv ho i ein e-post til DN.

H&M meiner stoffet nonylfenoletoxilat, som vart funne i ei bukse frå kleskjeda, ikkje var meininga å bruke. Dei låge konsentrasjonane som vart funne tyder på at stoffet kan ha smitta gjennom maskineri eller ved transport, ifølgje presseansvarleg Kristin Fjeld hos Hennes & Mauritz Norge. (©NPK)