Elektrisk NM-finale

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Johannes Holen Bakken frå Eidsgrenda sikra seg finaleplass i NM-finalen for elektrikarlærlingar 2014.

Der det i første runde var om lag 200 påmelde har utsilingsprosessen no ført han inn blant dei seks beste. Dei møtast til finalen i Lillestrøm over helga. Johannes sjølv er overraska over å allereie ha nådd so langt.

– Eg blei oppfordra om å melda meg på, men gjorde det mest for moroskuld. Er artig å sjå kor langt ein kan komma. Men å nå finalen kom overraskande på meg, det må eg innrømma, seier Holen Bakken, som til sommaren har jobba to år som lærling.

Fagleg dyktig
Det har også blitt prestisje for bedriftene som har lærlingar og nå langt i konkurransen. Dagleg leiar i Sogn Elektro, Stian Hellebust er sjølvsagt særs nøgd med at lærlingen har nådd så langt.

– At Johannes no er ein av dei seks i finalen er ein stor prestasjon i seg sjølv. Nivået er høgt, og mange bedrifter legg mykje i å nå langt. Fagmiljøet følgjer med argusauge på kven som vinn. Og det er ein flott bagasje å ta med seg vidare i yrkeslivet. Det syner sjølvsagt at deltakaren er fagleg dyktig, seier Hellebust.

David mot Goliath
Sogn Elektro starta opp i fjor haust, og tel berre Johannes og Stian. At eit nyoppstarta og lite firma hevdar seg i landstoppen er ei kvalitetserklæring.

Saka var først publisert i Sogn Avis.