– Bra med klimafokus, dårleg med stordrift

Natur og Ungdom er ikkje heilt nøgde med landbruksavtalen mellom KrF, Venstre og regjeringa.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vil føra til meir stordrift

Onsdag presenterte regjeringspartia Høyre og Framstegspartiet med samarbeidspartia KrF og Venstre ein avtale for landbruket. Natur og Ungdom meiner det er bra at KrF og Venstre har fått gjennomslag for klimafokus og rekruttering, men meiner det store bildet med ei større satsing på store bruk er negativt for norsk matproduksjon og sjølvforsyning.

– Det er positivt med ei forbetring på punkta rekruttering og klima, og at det bra at klimautfordringane blir sett på dagsorden. At SMIL-midlane blir vidareført er heilt avgjerande for å ta vare på kulturlandskapet, og grøfting er eit viktig klimatiltak, seier leiar i Natur og Ungdom, Arnstein Vestre.

– Derfor er det heilt uhaldbart å kutta 30 millionar av SMIL-midlane. Det vil gå direkte utover ei rekkje trua plante-­ og dyreartar som i dag mistar habitatet sitt til attgroing, og auka klimagassutsleppa frå landbruket, seier Vestre i ei pressemelding.

Meir palmeolje

Norsk kjøttproduksjon er i dag i stor grad basert på importerte råvarer som palmeolje og soya til kraftfôret. Natur og Ungdom meiner det er feil veg å gå å intensivera stordrifta, for dette vil føra til meir soyaimport:

– Nøkkelen til matproduksjon i Norge er dei små bruka, som gjer nytte av ressursane der dei er. For å imøtekoma den utfordrande framtida som matproduksjonen står overfor kan me ikkje lenger basere matkonsumet vårt på import av råvarer, me må bruka norske grasressursar. Strukturutviklinga med ei intensivering av stordrift vil ikkje auka norsk sjølvforsyning, det vil auka kjøtforbruket og importen av miljøfiendtleg soya frå Brasil, seier Vestre.

– Å ta vare på familielandbruket er heilt nødvendig for å styrka sjølvforsyningsgraden og for å ta vare på det rike biologiske mangfaldet. Eit spreidd og mangfaldig landbruk, der me tar matjord og utmarksressursar i bruk, er ein viktig del av løysinga på nokre av vår tids største utfordringar, klimaendringane, tap av biologisk mangfald og svolt, avsluttar Vestre.