Coca-Cola på nynorsk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Share a Coke with …»-kampanjen til Coca-Cola vart populær i fjor, både i utlandet og her heime. Mange nordmenn kunne finna att namnet sitt på colaflaska, som «Share a Coke with Ola» eller «Share a Coke with Kari», der logoen på flaskene pla stå.

No kan ein også dela ein cola med kjærleik. Internasjonalt har ein nemleg kunna «Share a Coke with love». Coca-Cola har valt å føra også denne etiketten vidare i Noreg, og ettersom me har to skriftspråk i landet vil ein kunna finna flasker med både «kjærlighet» og «kjærleik» i butikken.

LES OGSÅ: McNynorsk på menyen

Då Coca-Cola lanserte kampanjen i fjor, var 150 av dei vanlegaste norske namna å finna på dei norske colaflaskene. Ifølgje marknadsavdelinga i Coca-Cola var stuntet populært, og mange tok kontakt fordi dei ikkje fann sitt namn på flaskene.

No har selskapet utvida «namnebanken» med nær tusen namn, og 85 prosent av nordmenn vil no vera representerte på flaskene med den svarte leskedrikken. (©NPK)

Les siste nynorsk-nytt her!