Satsar på dansen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg vil bli dansar. Så langt har eg vore på audition på eit par skular utan å lukkast, så eg prøver att neste år, seier Røysi, som akkurat no er i full gang med førebuingane til eksamensframsyninga i helga. Eksamen er unnagjort, framsyninga i helga blir meir som ei oppvising.

Trongt

20 unge dansarar, 16 jenter og fire gutar, har teke forstudiet saman med Terese. Ho seier det er veldig mange gode dansarar blant dei.

– Eg er nok den med minst røynsle av alle, men det har gått veldig greitt. Eg ser likevel at nålauga for å koma vidare er veldig trongt, men eg er klar til å satsa. Det er mange gode danseskular blant anna i Nederland og Danmark, så eg vil søkja dit neste vår dersom alt klaffar.

Osteopat

I mellomtida tek ho osteopatutdanning i Oslo for å skaffa seg medisinsk grunnfag.

– Dette kan også telja som det første året i den treårige bachelorutdanninga.

Skulen i Oslo tilbyr undervising i både ballett, moderne dans, impro og litt andre teknikkar i tillegg.

Tilfeldig

Det var tilfeldig at Terese valde å satsa på dansen. Ho hadde ikkje dansa før ho starta på vidaregåande og musikk- dans og dramalina på Sandane.

– Eg ville ha studiekompetanse men ikkje studiespesialisering. Så ein dag kom eg heim og sa eg ville byrja på Sandane. Sidan har det gått slag i slag. Dansen har gjeve meg store utfordringar, men også store gleder.

Intenst

Røysi legg til at studieåret i Oslo har vore intenst, men veldig kjekt. No ser eg fram til avslutningsframsyninga.

Den har fått namnet Speculi, med koreografi frå Lise Tiller Sikkeland, Kristine Melby, Ambra Succi og Jo Strømgren. Elevane har også sjølve bidrege i dette arbeidet.

– Du blir tidleg pensjonist som dansar?

– Ja, dansen slit nok ein del på kroppen, både kne og rygg, men dette er ikkje noko du tenkjer på når du dansar.

Les saka i Sogn Avis!