Perfekte unge menn

Atle Berge
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I Aftenposten 26. mars spurde redaktør for Manifest Tidsskrift Mimir Kristjánsson om venstresida i norsk politikk berre er til «for dem som lykkes med det meste i livet». I eit politisk perspektiv er det eit demokratisk problem dersom det er slik at folk med bollemage og håret til alle kantanar ikkje kan vere toppolitikar på venstresida. Også dei som ikkje ønsker eller ikkje får til å uniformere seg som «perfekte menneske», må kunne ha makt.

Fotballbana har tidlegare nettopp vore ein arena der dei som ikkje lukkast på andre område kunne prestere. På fotballbana vart «taparar» til «typar». Dei siste åra har derimot norske fotballklubbar herma heftig etter næringslivet: Også i ballbingane skal dei menneskelege ressursane perfeksjonerast. Fotballtalenta skal i dag ikkje berre vere balltekniske geni, dei må også vere perfekte forbilde i tråd med klubbane sine kjerneverdiar. Dessverre er ikkje alle som er gode til å stoppe kontringar eller lime ballen i krysset alltid «energiskapande», «ærlege»og«jordnære»– tre ord henta frå ein norsk tippeligaklubb sitt visjonsdokument. Sjølv om klubbane har gjort ein god jobb med å implementere kjerneverdiane i unge fotballstjerner, er og vil spelarane i all overskodeleg framtid vere menneske – skapningar som kan finne på å forsove seg trass i at dei er med i ei kollektiv prestasjonsgruppe, eller drikke alkohol sjølv om dei driv med toppidrett.

I tur og orden har Nicki Bille Nielsen, Petter Northug og Gustav Valsvik dei siste vekene vorte skulda for å ha brote lova i rusa tilstand. Rosenborgspelaren Nielsen skal ha spent til eit sykkelstativ i København, medan langrennstjerna Northug og Sogndal-spelaren Valsvik har køyrd bil etter å ha drukke alkohol. Heldigvis kom både Rosenborg og teamet til Northug etter lange tenkepausar fram til at domstolane får straffe dei skuldige, medan klubben og teamet si oppgåve er å ta vare på utøvaren. Forhåpentlegvis legg også Sogndal IL dei glansa kjerneverdiane til side når dei skal avgjere framtida til Gustav Valsvik. 

I ettertid bør dessutan fotballklubbane vurdere om dei er i takt med publikummet sitt. Slik innføringa av visjonsdokument og medierådgjeving har gjort andre samfunnsområde – t.d. politikk – meir konforme, keisame og umenneskelege, har straumlinjeforminga av norske fotballtalent ført til ein nesten profillaus eliteserie. Då TV 2 intervjua RBK-supportarar om «Nielsen-saka», var svaret at Bille Nielsen er ein av få spelarar som gjer det interessant å følgje klubben. Supporterane reiser nemleg ikkje landet rundt for å sjå elleve forbilde spele fotball. Dei er opptatt av råe duellar, tette forsvar og vakre kontringar. Etter kampen vil dei høyre intervju med spelarar som seier det dei meiner, ikkje gulpar opp likegyldig svada slik medierådgjevarane i klubbane har lært dei å gjere.

Verken publikum, klubbar eller utøvarar er med andre ord tente med at vi mistar tolmodet med dei som ikkje passar kjerneverdiane. Som Nielsen, Northug og Valsvik har vist oss, er ikkje alle som er gode til noko, nødvendigvis gode forbilde. Dei kan like gjerne vere menneske som treng gode forbilde rundt seg.


Først publisert på Magsinett.