Inntekta til bøndene veks raskare enn for folk flest

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Så mykje meir auka inntekta deira

Bondeinntekta har vakse dobbelt så raskt som inntekta til folk flest dei åtte siste åra, viser tal frå Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF).

Staten har tilbode bøndene ein gjennomsnittleg vekst i inntektene frå jordbruket på 3,5 prosent i år. Det er ein auke som ligg på nivå med andre lønnstakargrupper. Bøndene krev på si side ein inntektsauke på 12,7 prosent, ifølgje tal frå NILF.

NILFs statistikk viser at inntektene i jordbruket har auka med 88,6 prosent sidan 2005. Den generelle lønnsutviklinga i samfunnet har i same periode vore på 40,8 prosent.

– Kravet frå bøndene høyrest jo heilt vilt ut. Eg kan ikkje sjå at tilbodet frå staten er så gale. Dessutan ville det gjort oss heiltidsbønder godt, seier svinebonde Leif Erik Nord-Varhaug på Jæren til Aftenposten.

NILF-forskar Klaus Mittenzwei forklarer at det å tilby bøndene omtrent lik lønnsvekst som andre grupper i samfunnet, var ganske vanleg fram til 2005.

– Det spesielle med dette oppgjeret er at store bruk kjem mykje betre ut enn små bruk. I tidlegare oppgjer var inntektsendringar jamnare fordelt mellom bruka, seier Mittenzwei. (©NPK)

LES SISTE LANDBRUKSNYTT!