«Bur det fe, så bur det frendar»

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er ei tekstdriven protestvise i god 1970-talsånd, ein humoristisk-melankolsk song om nedbygginga i landbruket, seier Alf Kjetil Walgermo. Forfattaren og kulturredaktøren i Vårt Land er sjølv frå frå Sjøholt i Ørskog kommune, og har jobba fleire somrar på sunnmørske smågardar i ungdommen. Han er opptatt av det skal vere mogleg å driva slike gardar vidare også i tida framover.

– Fråflytting og nedbygging er eit problem for distriktslandbruket. Med denne vesle låta uttrykker eg støtte til bøndene. Det er synd om berre dei store gardane skal halda oppe den norske matproduksjonen. Mange må til for å bera landet, for å seia det slik.

– Om me ikkje legg til rette for smågardane, risikerer me at neste generasjon ikkje tek over, og at me får mange kommunar utan ku. Og alle kommunar fortener å ha kyr innanfor grensene. Som det heiter i refrenget på songen, med ei lett omskriving frå Håvamål: «Bur det fe, så bur det frendar.» Der det bur kyr, bur det også folk.

Her kan du høyra låta på iTunes, Wimp og Spotify!

Faktaboks

Les meir om Alt Kjetil Walgermo i Allkunne!