Fleire festvaldtektsmenn er gjengangarar
Fleire menn som valdtar på fest, har utført seksuelle overgrep tidlegare, viser valdtektsregisteret til politiet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Festvaldtektsmenn er gjengangarar
Kripos har registrert 653 meldte festvaldtekter dei siste tre åra. 40 prosent av alle politimelde valdtekter er utførte på fest, og 12 prosent av dei som er meldte for festvaldtekter er også meldte for andre valdtekter, fortel NRK.
LES OGSÅ: – Utdatert sex-undervisning
Erfarne menn
Seniorforskar Jim Aage Nøttestad ved St. Olavs hospital i Trondheim trur meir enn 12 prosent av dei som valdtar på fest har gjort det før.
– Det vi veit om menn som valdtar venner eller kjenningar, er at det er menn som har starta seksuallivet sitt tidlegare enn andre. Dei har større seksuell erfaring. Dette er menn som er hyggelege, som for eksempel spanderer drinkar, køyrer jenter til og frå, og forventar å få noko igjen, seier han.
LES OGSÅ: Éi av ti jenter har blitt pressa til sex
– Store mørketal
Lena Reif, som leier seksjonen for seksuallovbrot i Kripos, seier at dei som er registrerte fleire gonger har alt frå 20 saker til to.
Valdtektsgruppa i Kripos er eit overordna ekspertorgan for alle politidistrikta i landet. Gruppa registrerer alle valdtekter som blir meldt til politiet. Dermed ser dei at nokre er gjengangarar.
– Vi veit at mørketala er store, og ein liten del av valdtektene som faktisk skjer blir meldte til politiet. Om vi får ei ny melding, kan vi få viktig informasjon som samla kan gi høg oppklaringsprosent, seier Reif. (©NPK)