Eg har blive utfordra av Per Anders Buen Garnås til å framsnakke bonden.

Det er ikkje så vanskeleg. Bror min er bonde, far min er bonde, goffa var bonde og slik har det vel vore attover i tusen år. Og det er jo litt av poenget her; at ein grunna eit (i historisk perspektiv) sekund av oljesmurt rikdom lest som ein gløymer kva ein er grunnleggande avhengig av, og som all vår eksistens her i dette landet bygger på, nemleg våre jordflekkar med næring for folk og fe. At ein snur seg bort og skuflar dette temaet bort til dei smale fora for diskusjon er veldig pussig, og synd. "Bøndene" blir det heile tida snakka om. Dette handlar ikkje om bøndene. Det handlar om maten vår, kor den kjem frå og korleis den blir laga. Og det handlar om landet vårt slik det ser ut, og det handlar om landet vårt slik me skal te oss her i verda.

Framsnakke bønder er ikkje vanskeleg. Dei aller fleste bønder driv med dette av andre grunnar enn å tene mykje peng. I seg sjølv eit sympatisk trekk. Dei fleste bønder har ei haldning til drifta si at det er ei samfunnsoppgåve dei har som handlar om å utnytte jorda for å levere mat til dei av oss som et, og det er jo dei fleste. Eg kjenner ingen bønder som driv jorda, eller skogen, for at staten puttar så mykje pengar i lommene deira for å halde på. For det finnast lettvintare måtar å tene pengar på, og det fins også atskillig lettvintare måtar å få pengar av staten på. Men ikkje så mange andre ueigennyttige måtar. Derfor så har dei fleste bønder det til felles at dei har ei ideologisk forankring i det dei gjer. Det handlar om jordvern, tradisjon, kulturlandskap, moralsk plikt i forhold til forfedre og soga vår, men viktigast er vel å produsere mat ut av eit lokalt ressursgrunnlag (Den beste måten å produsere mat på, og den einaste måten å produsere mat på som verda på lang sikt toler.)

Det er nok mange idiotar som er bønder også. Men det skal bøndene ha. Dei gjer si gjerning, ofte både på tvers av samfunnsånda, og på tross av styret det medfører å ha dette i tillegg til arbeidet ved sidan av, som dei fleste har for å halde seg nokolunde a jour med dagens krav til materielle goder. Så skål for bonden for det!

Men det er jo her det skortar for Trygve Hegnar og Sølvy Listhaug – eller kva det no var dei heitte… Det er framandt og vanskeleg å forstå innafor ein ideologi fundert på å ikkje tenke lengre enn til nasetippen at det går an å tenke lengre enn nasetippen sin. Då kastar ein jo vrak på heile ideologien. Og det forstår ein jo at ikkje går an. Ein kan ikkje forlange av folk å tenke lengre enn det dei kan eller sjå meir enn dei ser. Men at eit land skal styrast med slike avgrensingar er jo mildt sagt betenkeleg, og ein må berre satse på at me som samfunn syter for at ei slik styring blir slutt på.

Det er mykje som kan endrast med norsk landbruk, norske bygder og norsk distrikts- og landbrukspolitikk. Men verda treng at ein produserer mat ut av det som veks alle stader, ikkje berre der ein kjem fram med den største John Deeren. Og mennesket treng mat med næring, ikkje masseprodusert soyapumpa organisk masse – kalla kyllingfilet. 

Lat oss, som enno har eit finmaska nett av matprodusentar, bruke jorda som forfedrane har brote opp for oss (for hand). Lat dei halde på. Slik landbruket i Noreg har vore er slettes ikkje så dumt. Goffa min tenkte nok ikkje på det, men han produserte søren meg økologisk supermat så det heldt. Lat oss stake ut kursen for framtida slik at den liknar på den kursen FN til dømes tek til orde for. Kan me ikkje alle i grunnen produsere litt meir mat? (Eg skal i alle fall ut å plukke blåbær til hausten.)
Lat så bøndene få respekt og betaling for samfunnstenesta si, og lat dei no endeleg få ha eit arbeid ved sida av. For sauer er allrighte dyr, men å berre halde seg til sauer blir litt magert, slik intellektuelt sett.

Innlegget var først lagt ut på Facebook og er publisert med samtykkje frå forfattaren.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.52

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE